Politikk | 30. apr. 2021

1. mai: – Ikkje alt blir digitalt

Desse held appell i år.

Fire medlemmar av Ap vil legga ned blomar i Os Minnepark i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. apr. 2021 06:59

Også årets 1. mai blir annleis, og utan at 115 personar kan samlast i Kløvertun, som plar vera del av markeringa i Os.

– Det må dessverre venta til 2022, seier styreleiar i Bjørnafjorden Arbeiderparti, Øystein Oen.

Hovudmarkeringa blir digital og sendt direkte via sosiale media.

Hovudtalar i år er Marte Mjøs Persen, førstekandidat på Arbeiderpartiet si stortingsliste og ordførar i Bergen.

– Det blir òg talar av ungdom, Benjamin Jakobsen og Åse Sælensminde for internasjonal solidaritet, og ein appell frå hovudtillitsvalt i Bjørnafjorden kommune, Trond Solholm.

– Éin ting som blir likt som før er blomsternedlegging i minneparken.

– Det blir verken appell eller musikk, men vi stiller med fire personar frå Os Ap, saman med ei flaggborg, for å gjennomføra ei stille og verdig markering, fortel Oen.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.