Kultur | 04. mai 2020

25 år gamle Os Amcar Club vil cruisa 17. mai

Håper å skapa stemning fleire stadar i bygda.

25 år gamle Os Amcar Club vil cruisa 17. mai
Os Amcar Club stiller normalt med fire bilar i 17. maitoget. Her i 2019. I år kan dei laga sitt eige «tog» med fleire bilar. (Foto: Anders Fløysand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mai 2020 08:58
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Mens Bjørnafjorden kommune planlegg direktesendte talar og korspmusikk frå Oseana, og Søre Øyane krins skal køyra konvoi med båtar, kan Os Amcar Club skapa stemning langs vegane i Os grunnlovsdagen søndag 17. mai.

– Vi har vore på nokre cruisingar, seinast fredag 1. mai, og ønskjer å køyra også 17. mai, seier formann Steinar Håland.

Dei utgjer normalt halen på hovudprosesjonen i Os sentrum, saman med russen.

– Dei siste åra har vi fått ei grense på fire bilar, og har gjerne sendt fire bilar som ikkje har køyrd i toget før, så ikkje det blir dei same bilane om igjen år etter år.

– I år kan vi bli fleire.

Steinar Håland, her på Os-treffet i 2019. (Foto: KVB)
Steinar Håland, her på Os-treffet i 2019. (Foto: KVB)

Har over 160 medlemmar

Cruisinga som Os Amca Club har arrangert saman med Er-An Veikro 4. juli dei siste åra, har hatt godt publikum.

– Då har vi òg vore fleire klubbar og rundt 100 bilar. Denne gongen blir det meir lokalt, sidan andre klubbar køyrer i eigne heimbygder.

Os Amcar Club var over 20 bilar på cruising 1. mai, men har over 160 medlemmar, og kan samla ganske mange bilar til cruising 17. mai.

Rundt 100 bilar deltar kvart år på 4. julicruising i Os. 17. mai blir det med norske flagg. (Foto: KVB)
Rundt 100 bilar deltar kvart år på 4. julicruising i Os. 17. mai blir det med norske flagg. (Foto: KVB)

– Andre stadar har kommunen, eller blålyseiningane, kontakta amcarklubbane og invitert dei til å køyra - eller bli med politi og brannvesen på kortesje. Vi vil laga ein plan for så å avstemma denne med kommunen og smittevernlege, seier Håland.

Blir det mange bilar kjem truleg krav om vakthald i ulike kryss, sjølv om trafikken på vegane normalt er låg 17. mai.

– Sidan det er grense for kor mange som kan stå langs vegen og sjå kortesjen, kan det bli aktuelt å dela seg opp i grupper på 3-5 bilar og køyra ut og visa seg i krinsane, for så å samlast igjen til felles cruising på E39?

– Ja, det kunne vore ein grei måte å gjera det på, og er noko vi vil ta opp i styremøte denne veka.

25-årsjubileum

Os Amcar Club fyller 25 år i år, og hadde plan om både cruising og storstilt markering på Er-An Veikro 4. juli.

– Med smitteverntiltak mot koronaviruset kan det blir cruising 4. juli òg, men det blir neppe nokon stor fest slik reglane er no, seier Håland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.