Fotball | 25. mai 2024

Askøy-Os: To skåringar på overtid

Skuffande slutt på målrik snuoperasjon.

Askøy-Os: To skåringar på overtid
Mathias Dahl, her heime mot Stord i førre runda, skåra på frispark borte mot Askøy i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. mai 2024 16:14

Os låg på toppen av tabellen med 18 poeng på 7 kampar før dagens bortekamp mot Askøy.

Dei nyopprykka vertane har hatt ein fin start, og låg på 6. plass med 12 poeng.

– Vi er nøye med analysearbeidet, sa Askøy-trenar Tommy Knarvik då han tysdag var gjest i Sleivkast.

I dag såg analysen ut til å fungera frå start.

Askøy tok leiinga i 5. minutt og auka til 2-0 i 14. minutt. Stillinga sto seg til pause.

– Askøy kjempa hardt. Det blei ein tøff kamp, der vi brukte tid på å koma i gang, men løfta oss og gjorde ein veldig god andreomgang, synest Os-trenar Endre Brenne.

Fem minutt etter pause heada Håvard Vatland Karlsen inn 2-1 til Os.

I 70. minutt skåra venstreback Mathias Dahl på frispark og i 90. minutt sørgja Os sin toppskårar Daniel Kvalvågnes (mål nr 14 på 8 kampar) endeleg for 2-3-leiing til Os.

Askøy fekk kast på overtid, og der var Os ikkje gode nok til å forsvara seg.

– Siste touch på ballen blei ei 3-3-skåring. Det var naturlegvis skuffande, etter at vi hadde løfta oss og fortent overtatt leiinga, synest Brenne.

Kampen enda 3-3.

Os gjekk med det frå 1. til 3. plass på tabellen, eitt poeng bak Sandviken, to poeng bak serieleiar Fana og a-poeng med Bjarg.

Os speler neste kamp heime mot Førde laurdag 1. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.