Vêret i Os | 29. jan. 2022

Åtvarar bilistar mot vatn i vegbanen

Vatnet førte ikkje til vanskar i Os i natt, men kan skapa trøbbel i trafikken i dag.

Åtvarar bilistar mot vatn i vegbanen
Gras og tømmer «til tørk» på Tøsdal laurdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. jan. 2022 09:18

Frå fredag ettermiddag har det regna tett, og det er meldt både store nedbørsmengder og aukande vindstyrke utover laurdagen.

Ole Bulls veg over Søvikåsen blei stengt med bom klokka 20 fredag, grunna fare for ras.

Men nedbørsmengdene har så langt verken ført til vanskar eller skadar i Os.

Midtsiden har snakka med teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune og vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning. Ingen av dei har fått meldingar om skade eller problem gjennom natta.

Men politiet åtvarar laurdag formiddag om fare for vatn i vegbanen.

– Vi har byrja å få inn meldingar om vatn i vegbanen, blant anna frå E39 Osveien på Kalandseid.

– Vi ber folk ta omsyn og køyra varsamt.

  • Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det saktegåande trafikk på eit lite punkt på E39 Osveien og stilleståande, men kort kø, der vegen er lågast på veg til Hamre.
  • Ved Pøylo i Lysefjorden, nær krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen, går trafikken fint. Der kan det bli verre i 20.30-tida i kveld, når det er flo.
  • Det kan tenkast at eit stykke på Lyseklostervegen i Åsen kan bli utsett for overvatn.
  • Det er generelt mykje vatn i hjulspor i asfalten fleire stadar, noko som skaper fare for både vassplaning og å få vassprut på ruta frå møtande trafikk.

Vinden skal opp i 11,5 m/s i styrke i dag, altså liten kuling. Den kjem frå vest laurdag og frå nord natt til søndag.

Det er flo klokka 07.55 og 20.28 i Os i dag (ein god time seinare i morgon, søndag).

Utover morgonen søndag skal vinden løya og vêret letta.

Det er meldt sol søndag, og utover dagen skal vinden ned frå 6 m/s til under 1 m/s.

Temperaturen skal også ned, og det kan koma kuldegradar og tilhøyrande glatte vegar frå søndag ettermiddag.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.