Jakt, fiske og natur | 25. mai 2024

Auka vepsaktivitet denne sommaren

Det blir meldt om fem gongar meir veps samanlikna med same tid i fjor.

Auka vepsaktivitet denne sommaren
Foto: Pixabay.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børneslørdag 25. mai 2024 07:00

Med varmens innkomst har insekta blitt vekka til liv, og PELIAS Norsk Skadedyrkontroll opplever ei betydeleg auke i meldingar om veps.

– Den auka temperaturen vi har sett så langt i mai indikerer at vi står foran ein sommar med høg vepsaktivitet, seier Anstein Berntsen, ekspert hos PELIAS Norsk Skadedyrkontroll.

– Vanlegvis merkar vi ikkje mykje til veps før godt utpå sommaren eller seinsommaren, men den varme våren har ført til ei kraftig auke i vepsaktiviteten allereie no.

PELIAS rapporterer ei auke på over fem gonger fleire meldingar om veps samanlikna med same periode i fjor.

I tillegg har teknikarane deira observert fleire vepsebol enn vanleg.

– Veps opplever vi ofte som ei plage seinare på sommaren når bolet har fått utvikla seg og det har blitt mykje veps. Vi anbefaler å gjera tiltak tidleg hvis det er mistanke om bygging av bol, seier Berntsen.

– Det er viktig å hugsa at veps har ein naturleg plass i økosystemet, og dei bør ikkje bekjempast utan god grunn. Veps bør fjernast hvis det er fare for at menneske kan bli støkne eller hvis dei byggjer bol på stader der dei kan utgjera ein risiko.

PELIAS oppfordrar alle til å fokusera på ryddigheit og reinhald som førebyggjande tiltak mot veps.

For å ivareta dyrevelferden anbefaler dei også å erstatta fjerna vepsebol med biehotell.

– Dette er ein praksis eg sjølv følger, avsluttar Berntsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.