Lokal | 02. juni 2020

Båtbrann i Hegglandsdalen

Brann i ein stor trebåt var i fare for å spreia seg til terrenget.

Båtbrann i Hegglandsdalen
Ei trebåt sto i full fyr då brannvesenet kom fram til industriområdet. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no. Foto: Andrzej Golucki)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juni 2020 11:09

Tysdag klokka 12.46 kom det melding om brann i ein trebåt som står på land i eit industriområde i Hegglandsdalsvegen.

– Det var røykutvikling og opne flammar, og meldar sa det var fare for at brannen spreidde seg til skogen ved industriområdet, fortel vakthavande ved 110-sentralen, Christer Skei.

Brannvesenet var på staden allereie etter 8 minutt, klokka 12.54.

– Dei fekk raskt slått ned brannen, og faren for spreiing er no over, seier Skei.

Ingen personar skadd

Det var ikkje melding om personar i båten eller pågåande arbeid.

Båten skal vera rundt 27 fot stor. Årsaka til brannen er foreløpig ukjent.

– Vi har fått opplyst at dette var ein båt som skulle destruerast, det var ikkje eit oppussingsprosjekt, seier brannsjef Eivind Hovden.

Båten sto 30-35 meter frå nærmaste industrihall, så det var ikkje fare for spreiing til bygg.

– Den var noko nærmare terrenget, men med steinmassar mellom båt og skog, og det at vi fekk slått ned brannen raskt (på under eit minutt), forsvann òg risikoen for spreiing til terrenget.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no/97975200

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.