Besteforeldre og nabolag gledde seg over privatkonsert
Os Musikkforening marsjerte inn i hagen og spelte «Song til Os».

Os Musikkforening kunne førre veke fortelja om ei kreativ løysing på eit problem mange korps opplever om dagen; å få inntekter når musikk eigentleg er ein sosial ting, med smittevernreglar hindrar folk å samlast.
Svaret vart å lodda seg sjølv ut til ein 17.mai-konsert i hagen til vinnaren.
Og vinnaren er; Familien Korps!
På fredagens øving vart det klart at vinnarloddet var kjøpt av 11 år gamle Synne Hjertaker. Synne speler sjølv i Os skulekorps, og mora til Synne, Hilde, speler i Os Musikkforening.
Forvirra?
Synne løyste det heile med å gje vekk premien til besteforeldra Randi Stave Hegnes og Terje Hegnes.
Konsert for heile nabolaget
Med besteforeldra transportert frå Bergen og klare på ein terrasse i Vågshaugen samla Os Musikkforening seg på parkeringsplassen ved barnehagen i Kuvågen.
Med Synne i front marsjerte korpset seg inn i nabolaget, til stor overrasking for skodelystne naboar.
Vel framme stilte korpset seg opp i hagen for å overlevera premien.
– Dette gjorde godt
Dei frammøtte, og ein god del naboar som klappa og hoia frå bak hekkar og tre, fekk oppleva eit knippe marsjar, nasjonalsongen, og ikkje minst «Os-songen» i eit vêr som best kan oppsummerast som alle sesongar på 20 minutt.
Etter konserten var det eit par særs nøgde besteforeldre som kunne takka for opplevinga;
– Vi har lege bak oss ei tid med mykje inne-sitjing no, og vi plar alltid begge vera aktive på 17. mai, så dette gjorde godt.
– All ære til Synne for å gje oss denne opplevinga. Dette var stas!
Os Musikkforening sel normalt for 50.000 kroner i lodd på våren, i år var ambisjonen å få inn 10.000 kroner.
Den gjeve premien har nok vore medverkande til at korpset klarte rundt det doble av målsetnaden.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.