Lokal | 23. nov. 2020

Bil med solid overlast innhenta av vegvesenet

Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem søndag kveld.

Bil med solid overlast innhenta av vegvesenet
Innhenta og stoppa i Hjellemarka. Førar blir meldt for å ikkje ha stoppa for kontroll, køyring utan løyve, køyring utan fartskriver og for overlast. (Foto: Statens vegvesen.)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 23. nov. 2020 07:44

Søndag kveld gjennomførde Statens vegvesen ein køyretøykontroll på Halhjem.

Hovedfokuset var kontroll av vinterutrusting på køyretøya.

– Vi hadde i alt 73 køyretøy innom for kontroll i dag, fortel Roald Berentsen i Statens vegvesen.

– Av desse valde vi å sjå nærare på 47 køyretøy.

Dekk, kjetting og Eu-kontroll

–Det blei kontrollert dekk og kjetting på alle kontrollerte køyretøy, fortel Berentsen.

– Frå 1. november skal alle køyretøy over 3500 kilo ha medbrakt kjetting, og ha dekk med minimum 5 millimeter mønsterdybde. Frå 15. november skal det i tillegg vere såkalla «alpesymbol-merking» på styrande framhjul og drivhjul. De resterande dekka skal vera merka «M+S».

- Alle kjøretøy ble i tillegg slått opp i «autosys», og kontrollert for avgifter, forsikring og periodisk kontroll, altså EU-kontroll.

Brot på kviletid

Berentsen fortel at fem sjåførar blei kontrollert for køyre-og kviletid.

  • Det blei gjeve åtte advarslar, og ein førar blei meldt for brot på køyre- og kviletid. Eitt køyretøy, kor godkjenninga for fartskriver var utgått, fekk kun lov til å køyre rett til verkstad.
  • To køyretøy fekk mangellapp for feil med lys og dekk. Det blei skrive ut ni gebyr for dekk som ikke oppfylte krava.
  • Ein førar fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort på tilhengar. Då denne ikkje var norskregistrert, fikk den ikkje køyre vidare før han kunne framvise vognkort.
  • To sjåførar måtte fjerna gjenstandar i siktsonen før videra køyring.
  • Eitt køyretøy fikk bruksforbod og teknisk mangel grunna feil med lys.

Stoppa ikkje - vart innhenta med solid overlast

Ein fører som ikkje stoppa for kontrollen på Halhjem, blei innhenta, og stoppa i Hjellemarka

Berentsen fortel at ved kontroll av bil og tilhengar, blei det avdekka at køyretøyet vog 4.400 kilo. Tillatt vekt er 3.500 kilo.

I tillegg var samla vekt for bil og tilhenger 6.700 kilo. Tillatt samla vekt er 5.500 kilo.

– Ved denne køyretøy-kombinasjonen må ein ha transportløyve, og forhalda seg til køyre- og kviletid. Her var verken transportløyve eller fartskrivar for å registrera køyre- og kviletid på plass.

Føreren blir meldt for å ikkje ha stoppa for kontroll, køyring utan løyve, køyring utan fartskrivar og for overlast, avsluttar Berentsen. .

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.