Lokal | 04. juni 2020

Bjørnafjorden Sp støttar bokbåten Epos

Lesarinnlegg: Verken e-bøker eller bokbussar kan erstatta dette unike tilbodet.

Bjørnafjorden Sp støttar bokbåten Epos
Bokbåten Epost er eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS. (Arkivfoto: Hordaland fylkeskommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. juni 2020 13:05

Eit kinderegg av eit kulturtilbod:

Vestland fylkesting skal 9. juni avgjera om bokbåten Epos skal halda fram som bokbåt eller om tenesta skal leggast ned.

Det er harde tider, det er lite pengar, men om dei stoppar bokbåten er det over 6000 barn i heile Vestland fylke som ikkje får eit levande kulturtilbod og profesjonell litteraturformidling i ei boksamling som er langt større enn eit lite skulebibliotek.

Desse barna får i lita grad glede av at pengane fylkeskommunen sparer blir brukt på e-bøker og bokbussar.

Dei bur på øyer i Austevoll og Solund, inne i grender i Strandvik og Baldersheim, som ikkje har eit bibliotektilbod på linje med ungar i Bergen, på Stord eller i Førde.

Det er dei som har lite som mistar det dei har, medan sentrale strøk får meir.

Bjørnafjorden Senterparti meiner bokbåten Epos skal få halda fram med å gi eit tilbod til HEILE Vestland fylke, vi synest levande kultur og litteratur høyrer heime òg lengst vekk frå byar og sentrale strøk.

Viktig kulturarv

Elevane er veldig glade i dette tilbodet. Elevane synest det er for gale om ikkje Epos lenger kan besøka grendene i Bjørnafjorden kommune .

Det er langt inn til biblioteket i Eikelandsosen. I tillegg er det jo ei stor kulturarv dette. Bokbåt-tilbodet er einaste av slaget sitt i Noreg.

Dramatisk er det òg for Vinnes Skyssbåtservice AS, som er eigaren av Epos-båten, med dagleg leiar busett på Vinnes i Bjørnafjorden kommune, Svein Ivar Vinnes. Det ville vera veldig leit om tilbodet skulla opphøyra.

Bjørnafjorden Senterparti ber Vestland Senterparti finna midlar til å framleis halda Bokbåten Epos i drift.

Helge Andersen
Bjørnafjorden SP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.