Brann og beredskap | 22. mai 2024

Brannsjefen ber innbyggarane vera ekstra varsame

«Konsekvensene vil bli omfattende for mange mennesker.»

Brannsjefen ber innbyggarane vera ekstra varsame
Brannvesenet ber folk vera varsame. (Ill. foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. mai 2024 08:41

Kommunen slit med å levera nok vatn, då vassforbruket har auka kraftig i varmen.

Dei fryktar at dei, ved eventuelt behov for brannsløkking, ikkje skal klara å levera nok vatn, og oppmodar innbyggarane å ikkje sløsa med vatnet - spesielt ikkje om ettermiddagane.

Kommunen bygde nyleg nytt og større høgdebasseng i Sankthanshaugen, her i februar 2022. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSlit med å levera nok: Osingane bruker nesten 50 prosent meir vatn i varmen

Samtidig er det oransje farevarsel for skogbrannfare i Vestland fylke.

«Oransje farevarsel sendes ut når konsekvensene vil bli omfattende for mange mennesker» skriv Yr om faregrad oransje.

Brannsjef Espen Storum minnar folk på det generelle bålforbudet.

– Det betyr at det er forbode med open eld, til dømes bål, eingongsgrillar, turbrennarar og bålpanner i skog og mark, uttaler Storum i ei pressemelding.

Det er den som tenner opp som har ansvaret, dersom det byrjar å brenna.

Bjørnafjorden brann og redning vurderer å innføra strengare restriksjonar for bruk av open eld.

– Det er ein alvorleg situasjon som krev at vi alle er ekstra forsiktige, seier Storum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.