Samferdsle | 12. apr. 2021

Busstreiken avverga

Partane mekla 14 timar på overtid.

Busstreiken avverga
Den varsla busstreiken vart avverga etter mekling på overtid. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 12. apr. 2021 09:05

Før helga kunne Skyss melda at det ville bli nær full stopp i alle busstrafikk i Vestland frå søndag av, om ikkje forhandlingane mellom LO, YS og NHO førte fram.

Partane i konflikten skulle i helga møtast hos Riksmeklaren med frist ved midnatt natt til søndag 11. april.

Oppgjeret det vart forhandla om omfatta over 190.000 arbeidstakarar i heile landet.

I september i fjor var det busstreik - då var på det meste 8.500 bussjåførar tekne ut i streik.

Landa avtale 14 timar på overtid

Søndag morgon heldt forhandlingane fram, men etter 14 timar på overtid vart det meldt om semje mellom partane.

Partane var einige om ei økonomisk ramme på 2,7 prosent.

E24 skriv at for ein person med industriarbeidarløn på 506.100 kroner, betyr ramma ein gjennomsnittleg lønsauke på 13.665 kroner.

Har du derimot 400.000 kroner i årsløn vil lønsoppgjeret gje ein lønsauke på 10.800 kroner. Er løna på éin million kroner blir lønsveksten på 27.000 kroner. Desse tala er basert på eit snitt av løningane.

I kroner og øre gir oppgjeret eit generelt tillegg til alle på 2,25 kroner, eller i underkant av 4.400 kroner i året.

Du kan lesa meir om lønsoppgjeret på NHO sine nettsider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.