Lokal | 15. feb. 2021

Byggeplass stengt etter smitteutbrot

– Vi fryktar at det er sørafrikansk variant, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Byggeplass stengt etter smitteutbrot
Meny Industrivegen i dag, ti dagar før planlagt opning. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. feb. 2021 13:11

Meny Industrivegen, som stengte 20. januar for utviding og omfattande oppussing, er råka av smitteutbrot.

Byggeplassen blei stengt måndag morgon.

– Ein mann frå Bergen som har jobba i Industrivegen den siste veka har testa positivt for covid-19. Det er dessverre sannsynleg at det er snakk om sørafrikansk variant av koronaviruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Smittevegen er òg frå Bergen, vedkomande er smitta av ein som jobbar ved ein byggeplass som no er stengt grunna utbrot av sørafrikansk, mutert virus.

– Alle som har jobba på den aktuelle byggeplassen den siste veka, frå ulike firma, har fått pålegg om å testa seg og er sett i karantene.

Liten sjanse for smittespreiing i Os

Det skal ikkje ha vore firma frå Bjørnafjorden kommune på byggeplassen den siste veka, så sjansen er mindre for at viruset har spreidd seg her.

– Det ser heller ikkje som om nokre av dei tilsette i dei aktuelle handverkarfirmaene er frå Bjørnafjorden, seier Melf.

Driftssjef i Meny på Vestlandet, Christian Myredal, seier arbeidarar frå Bergen òg skal ha unngått å handla i butikkar og på bensinstasjonar i Bjørnafjorden kommune.

– For det første håper eg det går fint med han som er sjuk, og så håper eg at smittevernrutinane våre fungerer, at vi har unngått fleire smitta.

– At dei frå Bergen skal køyra direkte til byggeplassen, og utelukkande halda seg her til dei skal heim igjen, er blant desse smittetiltaka.

Opning kan bli utsett

Meny har plan om å opna igjen i Industrivegen torsdag 25. februar. Denne veka skulle dei ha montert innreiing.

– Kan Norgesgruppen setja andre firma til ferdigstilling, om dei ønskjer?

– No skal byggeplassen først og fremst vaskast ned, men det er mogleg at dei kan setja andre folk på jobben etterpå, om dei ønskjer. Men mykje vil vera avhengig av om det er den sørafrikanske varianten eller ikkje, for den er vi veldig opptatte av å stoppa, seier Melf.

Myredal seier dei foreløpig ikkje har tatt stilling til kva dei ønskjer vidare. Det er òg uvisst om dei vil klara å opna ny Meny til planlagt tid, eller kva som eventuelt blir ny dato.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.