Kultur | 31. jan. 2020

car.pool kjem til Tysnes

Vestlandssatsinga 2020: Unge talent vann spelejobb på fleire festivalar.

car.pool kjem til Tysnes
car.pool skal spela på Tysnesfest og fleire andre festivalar i sommar.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. jan. 2020 08:54

car.pool er Vestlandssatsinga 2020, og skal spela på Tysnesfest, i tillegg til fleire andre festivalar på Vestlandet.

(Midtsiden skreiv først at dei òg skal spela på den nye festivalen i Os, Folk & Fjord, men det skal dei ikkje)

Det er klart etter bransjetreffet 100 Dagar, der festivalbransjen møtast.

– Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheiter og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal.

– Guts og sjarm er skrudd til max, car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-tals pop og moderne rock. Best servert live, seier Øystein Vaage frå Tysnesfest.

– car.pool plugga i utstyret, sparka i gang festen - og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Delegata frå dei mange festivalane på 100 Dagar var ikkje i tvil, car.pool er Vestlandssatsinga 2020.

Talentbygging

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band dei ønsker å gi eit karriereløft.

Tidlegare vinnarar er blant anna Kriminell Kunst, Silja Sol, Yuma Sun og I am K.

– Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, turnering, planlegging og økonomistyring. Og bidreg med eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux!

– Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta car.pool godt imot, dei er garantert kome for å bli!

Desse festivalane er med på Vestlandssatsinga 2020, fleire av dei får car.pool på besøk: Tysnesfest, Folk & Fjord (Os), Malakoff, Musikkfest Stavanger, UTKANT, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest - Sagvåg i vinden, Den festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music Festival.

Til no er følgjande artistar lansert til Tysnesfest:
Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Vinskvetten
Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Stavangerkameratene
Laurdag: TIX, Kapteinen og car.pool

Fjord & Folk har programslepp på afterwork i Vognhallen i ettermiddag.

Om Stiftinga Musikkbransjetreffet 100 Dagar (100dagar.no):

Festivalen og musikkbransjetreffet 100 Dagar vert arrangert kvart år i januar–februar. 100 Dagar er ein nettverksarena for festivalleiarar på Vestlandet, og samstundes eit knutepunkt for ambisiøse musikarar frå Vestlandet som får høve til å spele showcaser for eit større publikum og for bransjefolk.

100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert bli sett og høyrt oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet. Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein unik sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar.
Målet til stiftinga er å skape grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging og samarbeid mellom festivalane på vestlandet, og vera ein pådrivar for å få fram nye band og artistar frå vestlandsregionen.

I styret til 100 Dagar sit Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen), Haakon Vatle og Jostein Sydnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.