Lokal | 25. feb. 2021

COWI AS leverte det beste tilbodet for E39 Stord-Os

COWI AS er innstilt som vinner av anbodskonkurransen om utarbeiding av reguleringsplan for strekninga E39 Ådland-Svegatjørn.

COWI AS leverte det beste tilbodet for E39 Stord-Os
Statens vegvesen er i gang med reguleringsplanen for E39 Stord-Os (Hordfast) (Illustrasjon:AMCDissing & Weitling)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 25. feb. 2021 11:57

Pressemelding:

Konsulentoppdraget har ein verdi på om lag 80 millionar kroner, og det aller meste av arbeidet skal utførast i løpet av dei 15 neste månadane.

– Dette er eit omfattande og viktig prosjekt, og vi fekk inn fem gode tilbod frå Multiconsult, Norconsult, COWI, Asplan Viak og SWECO Norge.

COWI AS er den rådgivaren som totalt sett har levert best på dei oppsette kriteria for tildeling av oppdraget. No ser vi fram til eit godt samarbeid med dette firmaet, der målet er å få utarbeidd ein så god reguleringsplan som mogeleg, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

Planen klar våren 2022

Kontrakten med COWI AS inneheld óg fire opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden. Forslag til reguleringsplan skal etter planen vere klart våren 2022.

Det er sett ein karensfrist på 10 dagar før kontrakt kan signerast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.