Kultur | 23. apr. 2021

Del av stor jubileumsutstilling i Bergen

BKFH fyller 90 år.

Del av stor jubileumsutstilling i Bergen
Piotr Kuczma er ein av fleire frå Os som stiller ut i Bergen frå april til mai. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. apr. 2021 11:17

Fleire kunstnarar frå Bjørnafjorden kommune er del av BKFH si store jubileumsutstilling på Hordaland Kunstsenter.

– Det er kjekt å vera del av dette, eg håper mange får utstillinga med seg, seier utstillar Piotr Kuczma frå Os.

Gruppeutstillinga omfattar 148 verk av 151 kunstnarar frå regionen. Den opna onsdag 21. april og står til søndag 9. mai.

Vidar Bratlund-Mæland, Astrid Drageset, Åse Berit Ulltang og Synneva Heradstveit er blant utstillarane.

BKFH har jobba med organisering av kunstnarar sine rettar, lønsvilkår og utvikling av det profesjonelle kunstfeltet i Hordaland sidan 1931.

Utstillinga inneheld samtalar og performance i utstillingsperioden. Grunna pandemien er det begrensa mengde publikum, samtalane blir derfor strøymd og publisert i opptak i etterkant.

Torsdag 22. april – kl 18:00 – Mia Øquist – HKS – «Kontoret livekamera – Observasjoner igjennom offisielle webkameraer»

Søndag 25. mai – kl 18:30 – Fortid / pre-2000 – med Arvid Pettersen, Kari Aasen, Olav Herman Hansen og Grethe Unstad

Søndag 2. mai – kl 18:30 – Nåtid / 2000-2021- med Vilde Salhus Røed, Arne Rygg, Agnes Nedregård og Sveinung Unneland

Torsdag 6. mai – kl.18:00 – Katrine Meisfjord – HKS – «Hvordan vil vi leve sammen» –
Presentasjon av pågående prosjekt i sosial og deltagerbasert kunst, Kabuso/Kvam herad

Søndag 9. mai – kl 18:30 – Fremtid / 2021+ – med Julie Lillelien Porter, Hedvig Thorkildsen, Ruben Eikebø og Mathijs van Geest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.