Sport | 10. nov. 2020

Denne gjengen garanterer cupfinale

Det nye e-laget til Os Fotball sparer ikkje på krutet når det gjeld ambisjonar.

Denne gjengen garanterer cupfinale
Det nye e-laget til Os Fotball førebur seg i desse dagar til NM-kvalik. Frå venstre: Marius Andersen, Aleksander Grotle, Tommy Wold Gjelsvik og Oliver Linde. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 10. nov. 2020 09:55

I går var den første fellestreninga til Os Fotball sitt nye e-lag.

– No har vi fire spelarar som skal representera Os i e-fotball. Desse fire held eit svært godt nivå, og dette blir ein god start på den nye satsinga vår, seier Rune Mo.

Det var i oktober at klubben starta opp og inviterte til laguttak.

– Det første som skjer er at dei skal kvalifisera seg til NM. Då kjem dei til å nytta seg av klubbhuset for å trena saman og førebu seg til denne kvaliken.

Online NM

Grunna korona vil det ikkje bli ei felles samling under årets NM.

– I år vil alt av kvalik og sjølve NM gå online. Dette er det vi skal øva på no, difor sit dei med kvar sin maskin og kvar sin skjerm for å få det mest mogleg likt, forklarer Mo.

Det nye e-laget er godt i gang med treninga. (Foto: ØH)
Det nye e-laget er godt i gang med treninga. (Foto: ØH)

– Gøy satsing

Spelarane sjølv er svært nøgd med den lokale fotballklubben sin nye satsing.

– Det er veldig kult av klubben å starta denne satsinga, frå ein til ti må eg vel seia at dette ligg godt oppe på åtte-ni-talet.

– Sjølv om vi nok ikkje kjem til å dra så mykje damer med dette, er det populært blant gutta, seier ein nøgd Tommy Wold Gjelsvik.

Det ser ut som Liverpool er eit populært valg på FIFA. (Foto: ØH)
Det ser ut som Liverpool er eit populært valg på FIFA. (Foto: ØH)

35 timar FIFA i veka

Det nye e-laget til Os Fotball skal trena saman i klubbhuset to dagar i veka. Men det blir lagt ned mykje egentrening i tillegg.

– Det blir sosialt og kjekt å møtast til fellestreninger her på Kuventræ, men det er ikkje nok til å bli betre. Vi spelar nok alle saman minimum 4-5 timar FIFA kvar dag, påpeikar Tommy.

Samtlege på laget har sjølv spelarerfaring i fotball, men på litt lågare nivå enn A-laget til Os.

– Eg har spelt i gamle 3. divisjon og ein del i 4. divisjon. Eg trur det er ein fordel å ha spelt fotball, det er mykje som handlar om fotballforståing, og det må du ha i FIFA òg, seier veteranen på e-laget, Marius Andersen.

Garanterer NM-finale

Det skal visa seg at Os Fotball sit på to veldig gode e-spelarar.

– Det har allereie vore ei onlineturnering, der blandt anna Brann sitt e-lag stilte, kor Tommy knuste alle saman, seier Aleksander Grotle.

Tommy sjølv sparer ikkje på krutet når det kjem til ambisjonar.

– Eg har til gode å tapa ei turnering, og kan lova deg éin ting Rune Mo; vi skal til Ullevaal! Det kan eg sverga på, seier Tommy bastant.

Tommy Wold Gjelsvik er tydeleg på at Os Fotball skal nå langt under årets NM i e-sport. (Foto: ØH)
Tommy Wold Gjelsvik er tydeleg på at Os Fotball skal nå langt under årets NM i e-sport. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.