Lokal | 14. jan. 2016

Desse ni vatna blir målt

Brannvesenet er klare med kva vatn i Os dei vil måla isen. Her er oversikta.

Desse ni vatna blir målt
Ulvenvatnet er eitt av vatna brannvesenet vil måla (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. jan. 2016 07:57

Onsdag morgon fekk brannsjef Stein Gjøsund i oppdrag å organisera ismåling av forskjellige vatn i kommunen.

– No er vi klare og i dag går mannskapa i gang med målingane, fortel Gjøsund torsdag morgon.

Her er dei ni vatna

Det er varabrannsjef Arne Monsen som har fått oppgåva med å samordna jobben.

– Den vil bli utført av dagvaktene våre.

– Dei ni vatna ligg spredd i heile kommunen. Om det er andre vatn vi etterkvart opplever det er høg aktivitet på, så kan det vera at vi justerar etterkvart, forklarar Monsen.

Vatna er:

  • Vinddalsvatnet (Søfteland)
  • Gåsakilen (Søfteland)
  • Banktjørno (Os sentrum)
  • Ulvenvatnet (Os sentrum)
  • Lekvenvatnet (Os sentrum/Lekven)
  • Bjørnavatnet (Halhjem)
  • Tveitavatnet (Hegglandsdalen)
  • Langevatnet (Lysefjorden/Drange)
  • Strønevatnet (Nordstrøno)

– Bjørnavatnet hadde vi i utgangspunktet ikkje tenkt på, men vi fekk tips om at det er mykje brukt av dei som bur ute på Halhjem, så då la vi det til lista, fortel Monsen.

Følgjer Bergen

Brannvesenet følgjer Bergen kommune når det kjem til tjukkelsen på isen før dei seier den er farbar.

– Vi gjer som Bergen og seier den skal vera 15 cm tjukk før vi godkjenner den. Det gjer vi fordi den skal vera tjukk nok til å tåle ei ansamling av menneskjer på eit mindre område. Det er gjerne skuleklasser og liknande som drar ut på felles tur og då må vi vera trygge på at isen er tjukk nok til å tåle så mange på ein gong, forklarar Monsen.

– Skilting og måling av isen kjem vi til å gjera frå 1. november kvart år. Vi planlegg å følgja piggdekksesongen, avslutter Monsen.

Isvett-reglane

Her er isvett-reglane brannvesenet no vil setta opp ved dei ni vatna dei måler:

1. Ha respekt for isen.
Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.

2. Ikkje gå ut på is utan å kunne symje.
Helst bør du ha prøvd å vera i isvatn, delvis for å kjenne til korleis det er, men like mykje for å kjenne til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje symje, bør du ha på deg ein form for flyteplagg.

3. Hald deg på sikker is.
Styr unna stader der du bør vite at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamnt tjukk med ujamn bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatte variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg. I forhold til is på regulerte vatn og korleis isforholda kan variere med varierande vannstand, effektkjøring osv. finn du informasjon om på www.nve.no.

4. Ver spesielt merksam på haustis, snødekka is og våris.
Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vera skummel fordi du ikkje kan sjå eller merke kor den er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vera dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at den la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.

5. Bruk alle sansane når du går på isen.
Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.

6. Gå fleire i følgje.
De representerer ein redningsmolegheit for hverandre. Går de litt spreidd, vil de fordele vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.

7. Ta med deg skikkelig og tilstrekkelig sikringsutstyr.
Dette må sjåast i høve til erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festet sekk med skiftetøy pakket i vanntett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.

8. Hvis du går igjennom isen, ikkje få panikk.
Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halde hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke overlevingsmoglegheiten. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å komme opp i den retningen du kom fra før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.

9. Hvis andre går gjennom isen; hald avstand.
Bruk såkalt forlenga arm. Helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kaste bort til den i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ein ski, skistav, eit belte, ei grein etc. Sørg for ein form for forankring så ikkje du blir dratt uti.

All ferdsel på eige ansvar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.