Kultur | 03. mars 2020

Desse skal visa Bjørnafjorden-kulturen

Over 400 selte billettar: Fredag er det festkveld for den nye kommunen.

Desse skal visa Bjørnafjorden-kulturen
Corneliussen, Søfteland, Os Mannskor og Smørholm er blant dei som skal på scenen fredag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mars 2020 09:05

Bjørnafjorden kommune og Oseana kunst- og kultursenter arranger fredag ein storslagen kulturkveld for å feira den nye kulturkommunen.

– Det blir eit breidt program som viser noko av det beste Bjørnafjorden har å by på, seier kultursjef Erik Vangsnes i ei pressemelding.

Dans, teater, musikk og song står på plakaten, og det er berre rundt 40 av 500 billettar igjen.

Eirik Søfteland er konferansier for kvelden, og over 150 artistar skal på scenen.

Innan musikk vert det alt frå fullt trøkk med Os skulekorps til ned-dempa klassisk musik med gitarvirtous Njål Vindenes og feiande poprock med Hans Marius Johnsen.

HM Johnsen er klar for Oseana fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
HM Johnsen er klar for Oseana fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sjølvsagt vert det stor kormiljøet representert, her med eit spennande samarbeid mellom Os mannskor, Os kammerkor og Kammerkoret Takt og Tone.

Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen slår opp latterdøra med stand-up-teater, medan Natasja Smørholm skal gje oss smakebitar frå Heim 2-suksessen på Hordaland teater.

Dans vert det også i ulike variantar m.a. frå ei elitegruppe frå Bjørnafjorden kulturskule.

– Vi har sjølvsagt nokre overraskingar på lur, og gler oss vanvittig til å presentera denne flotte festbuketten til bjørnafjordingane, seier Vangsnes.

– Når vi vi har jobba med programmet slår det oss at til saman er Os og Fusa dynamitt! Billettsalet går godt. Her må det bli fullt hus, seier ein entusiastisk kultursjef.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.