Kultur | 02. apr. 2018

– Det ligg an til å bli suksess på grusbanen

Jan Ketil Smørdal og Cirkus Agora har i dag si andre framsyning i Os før turen går vidare til Bekkjarvik.

– Det ligg an til å bli suksess på grusbanen
Cirkus Agora er på plass på grusbanen ved Os ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. apr. 2018 09:17

Jan Ketil Smørdal frå Nordfjordeid starta Cirkus Agora for 29 år sidan.

Etter å ha drive med framsyningar for Den kulturelle spaserstokken frå 2010 til 2017 var han i fjor på landevegen igjen, i år er han på turné med nytt telt og nytt show.

– Med alle kunstgrasbanane som har dukka opp har vi måtta komprimera oss for å få plass alle stadane vi ønskjer å reisa, seier Jan Ketil til Midtsiden.

Teltet har blitt mindre, men har likevel plass til 600 publikummarar.

– Vi føler oss heldige som får plass midt i Os sentrum.

Show nummer to i dag

– Første påskedag er normalt ein vanskeleg dag å arrangera sirkus, og med det vêret som har vore i påsken var det nok mange som framleis var på fjellet i går.

– Men det var greit besøkstal i går og vi har godt førehandssal til showet som startar klokka 15 i dag, seier Smørdal.

Etter to show på Os går turen vidare til blant anna Bekkjarvik, Samnanger og Voss.

Mesteparten er heilt nytt

Med mindre telt er det enklare å driva, likevel er det mykje utstyr og 35-40 personar som no turnerer saman i Cirkus Agora.

Showet består av 11-12 innslag, og det meste er nytt i årets program.

– Vi har eit luftnummer med oss frå i fjor, og ein anerkjent klovnefamilie, som vi hadde med oss i 2006 og 2008. Elles er alt nytt. Med nytt telt satsar vi på kvalitet framfor kvanittet, og vi har fått fine tilbakemeldingar på årets show, seier Jan Ketil.

Etter to show på Os går turen vidare til blant anna Bekkjarvik, Samnanger og Voss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.