Lokal | 15. feb. 2010

Dumpar snø i sjø

Os kommune har til no unngått dumping av brøyta snø i sjø, men i dag går lass etter lass utfor kaien.

Dumpar snø i sjø
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. feb. 2010 14:11

Bildeserie:

1 av 2

Midtsiden.no blei måndag formiddag kontakta av ein som lurte på om Os kommune burde vera meir varsam med eiga hamn. Traktorar har i dag gått i skytteltrafikk for å dumpa snø innanfor moloen på Moberg.

- Eg har høyrt om fleire plassar der dei ikkje får dumpa snø i sjø, i Stavanger, for eksempel, og i indre Oslofjorden. Kvifor må dei dumpa snøen inst i hamna i Os? undrast innringaren.

Fulle depot
Seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød, fortel at Os kommune i det lengste har prøvd å unngå dumping i sjø.

- Men no er det fullt mange plassar. På moloen på Steinneset ligg det ein stor haug. Vi hadde lurt på å fylla i fjøra, men der ligg det fleire båtar.

Ut på same stad
Rød seier snøen som no blir dumpa i sjø stort sett kjem frå brøyting av fortau, mange av dei fortau i Os sentrum.

- Dette er snø som, om den låg i gatene når plussgradane kjem, ville ha kome ut om lag på den same plassen likevel. Då ville den i tillegg drege med seg skit frå vegen, så det er nok minst like miljøvenleg å løfta snøen rett på traktoren og få den i fjorden.

- No er det mange som ringer grunna snø som ligg på fortau og skapar utrygg skuleveg for ungane. Vi må få snøen vekk og prøver å deponera den nær brøytestaden. Når vi i morgon skal til Halhjem for å ta fortaua der blir for eksempel ikkje den snøen kjørt til Os for å bli dumpa i hamna.

Litt diesel gjev stor forureining
Også Os brannvesen får meldingar om teikn forureining.

- Det er vi som tar oss av oljesøl og liknande, og vi har heldigvis både ungdom og vaksne osingar som er flinke til å varsla om dei ser teikn til forureining, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet har den siste tida fått melding om blant anna oljeskimmer i Baronselva.

- Ofte er det så lite at det ikkje er noko å gjera med. Det skal lite til for at det er synleg, men det skal også lite til for å forureina mykje.

- 1 liter diesel er nok til å forureina 100.000 liter vatn, fortel Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.