Fotball | 18. feb. 2020

Ei helg med trening, mat og maling

Mange kokkar og passeleg med søl då Os gutar 16 pussa opp sin eigen garderobe.

Ei helg med trening, mat og maling
Os gutar 16 får eigen garderobe i år, ein garderobe som fekk første oppussing på fleire tiår. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. feb. 2020 12:40

Bildeserie:

Kvar mann - si rulle. (Foto: KVB)
Kvar mann - si rulle. (Foto: KVB)
Dugnaden var del av ei treningsamling. (Privat foto)
Dugnaden var del av ei treningsamling. (Privat foto)
Matpause var inkludert.
Matpause var inkludert.
Så var det innsats i eigen garderobe.
Så var det innsats i eigen garderobe.
Head coach Hans Ole hjelpte til.
Head coach Hans Ole hjelpte til.
Det gjorde Kjersti og Solfrid òg.
Det gjorde Kjersti og Solfrid òg.
1 av 6
Kvar mann - si rulle. (Foto: KVB)
Dugnaden var del av ei treningsamling. (Privat foto)
Matpause var inkludert.
Så var det innsats i eigen garderobe.
Head coach Hans Ole hjelpte til.
Det gjorde Kjersti og Solfrid òg.

Dei fire garderobane i klubbhuset på Kuventræ blir brukt av lag og gjestar som har kamp, og i treningskvardagen disponerer dei eldste laga kvar sine garderobar for «skifting og skitprat» før og etter trening.

– Vi byrja å bruka garderobe før og etter trening i fjor, og det var digg å vera i varmen før og etter trening, synest gutar 16-gjengen som var på samling i helga.

Samlinga var i god eat-move-sleep-ånd, men ikkje alle rørsle var på kunstgras.

– I år er dei store nok til å få sin eigen garderobe, og vil dei ha det fint rundt seg, så får dei vera med å pussa den opp, seier Kjersti Tysse Plätzer og Solfrid Vernøy.

Det trener førstelaget saman med Hans Ole Mjånes, og sette gutane i sving med kvar sin malarkost mellom treningsøktene i helga.

Spelarane fekk kvar sine kostar og penslar, som dei berre la frå seg då dei var oppom på kvar sine spelarsamtalar med hovudtrenar Mjånes.

Erik Lunde kom ned frå spelarsamtale og var nesten imponert over kor langt kameratane hadde kome. (Foto: KVB)
Erik Lunde kom ned frå spelarsamtale og var nesten imponert over kor langt kameratane hadde kome. (Foto: KVB)

Når rundt halvparten seier dei har malt veggar før, og éin og éin går til og frå brettet og hentar maling på kvar si rulle, er det ikkje til å unngå at det kjem nokre flekkar på golvet.

– Tore Kleppe skal legga nytt golv i mars, forklarer damene, som òg hjelpte til med oppussinga.

Laurdag blei det to økter med trening, med matpause og maling mellom øktene på kunstgraset. Søndag venta ny økt på banen.

Bildeserien under er synleg for innlogga abonnentar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.