Politi | 05. nov. 2021

Ei snekke på botn og ein båt på rek

I går sank ei snekke i Hamnevegen og det vart i tillegg funne ein båt på rek ute ved Haugland.

Ei snekke på botn og ein båt på rek
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 05. nov. 2021 09:19

I går gjekk ei snekke ned i Os hamn. Snekka ligg fortøydd på ein av pirane nedst i Oselvo.

– Brannvesenet har vore på staden og sjekka eventuell forureining. Det vart meldt om litt dieselutslepp.

– No ligg saka hos kommunen, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet vil varsla eigar så vedkommande får fjerna båten sin.

Oppdatert: Familiemedlem av eigar seier at dei er på saka.


Båt på rek

I 14.40-tida i går vart det i tillegg meldt om ei båt på rek utanfor Haugland.

– Det vart funne ein båt på rek utan eigar. Meldar tek førebels vare på båten og dei som eventuelt saknar ein båt kan ta kontakt med politiet, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.