Kultur | 26. jan. 2021

Ein utselt start på året

– Vi ventar at våren vil gå i rykk og napp.

Ein utselt start på året
Oseana reknar med at våren blir i rykk og napp, men at hausten blir meir stabil i responsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. jan. 2021 12:44

Laurdag var det både yoga i kunstsamlinga og opning av utstilling med verk av Harald Tørresen i Oseana, torsdag speler Vinskvetten årets første konsert.

I februar står ein utselt konsert med Hellbillies og to utselte foredrag av Ingvard Wilhelmsen på plakaten.

– Vi har heldigvis eit ganske fyldig program for våren, men er førebudd på at publikum kan vera avventande, for så å slå til når det nærmar seg. At dei vil vera sikre på at ikkje endra smitteverntiltak vil setja ein stoppar for arrangementet, seier Veronica Søilen Halhjem, marknadssjef i Oseana.

Veronica Søilen Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veronica Søilen Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Undersøkingar viser at det norske publikummet er meir optimistiske for hausten. Det ser vi her òg, folk har byrja å kjøpa billettar til konsertar og standup heilt fram mot jul.

Samtidig er ho glad for korleis det har vore å vera vertsskap gjennom pandemien.

– Vi har eit stort, moderne hus, med god ventilasjon - og eit areal som gjer det enkelt å ha smittevernvenleg avstand til kvarandre. Publikum har vore heilt fantastiske, og vore med på å skapa trygge omgjevnadar samtidig som stemninga har vore god.

Frå Steppin' Out til Jimmy Øvredal

Av lokale innslag i det som foreløpig er årets program er konsert med Tilslørte Bondepiker med gjestar 10. april og Bygdakveld med Jimmy Øvredal.

Bandet Steppin' Out lover ein groovy konsert, og skulle vore på scenen i Griegsamlinga i februar, men denne ligg an til å bli utsett til slutten av april.

Med-vokalist, arkitekt og kunstnar Jan Haaland, har allereie skissa korleis konserten blir; glade vokalistar og kvinnelege gjestar med korte skjørt (utan at det ser ut til å påverka keyboardist Knut Vidar Garlid i nemneverdig grad).

Jan Haaland har allereie teikna korleis konserten med Steppin Out skal bli.
Jan Haaland har allereie teikna korleis konserten med Steppin Out skal bli.

Hyllest og humor

Foreløpig er marsprogrammet noko det er knytt litt spenning til.

Gode namn står på plakaten, som Real Ones, Bernhof, Bjørn Eidsvå, Good Time Charlie og Twang Gang - og med stabil smittesituasjon kan dei siste billettane her òg bli selte.

Hausten byr på meir humor, då kjem blant andre Are Kalvø, Bjarte Hjemleland, Terje Sporsem og Christine Hope til Mobergsneset - med kvar sine show.

Mykje hyllest av verdskjente artistar blir det òg, frå Pink Floyd i februar og Dire Straits i september til Whitney Houston - i april 2022.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.