Lokal | 11. juni 2020

Eit nytt bygg reiser seg på Borgafjellet

– Løna vår er å sjå bua bli brukt.

Eit nytt bygg reiser seg på Borgafjellet
«Bygge-kohort» på Borgafjellet. F.v. Harald Døsen, Peder Fløysand og Bernt Norevik. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 11. juni 2020 13:41

Bildeserie:

Sankebua blir ferdigstilt i desse dagar. (Foto: KOG)
Sankebua blir ferdigstilt i desse dagar. (Foto: KOG)
Bua vart først bygd av Harald Døsen til Handverksdagen ifjor. (Foto: KOG)
Bua vart først bygd av Harald Døsen til Handverksdagen ifjor. (Foto: KOG)
Tre veggar og nokre benkar står att å montera ferdig. (Foto: KOG)
Tre veggar og nokre benkar står att å montera ferdig. (Foto: KOG)
Bua er meint for ålmeinta - altså noko alle kan bruka. (Foto: KOG)
Bua er meint for ålmeinta - altså noko alle kan bruka. (Foto: KOG)
1 av 4
Sankebua blir ferdigstilt i desse dagar. (Foto: KOG)
Bua vart først bygd av Harald Døsen til Handverksdagen ifjor. (Foto: KOG)
Tre veggar og nokre benkar står att å montera ferdig. (Foto: KOG)
Bua er meint for ålmeinta - altså noko alle kan bruka. (Foto: KOG)

25. oktober 2015 opna Knutabruo med ei folkerik opning kor rundt 1000 turgåarar var til stades.

I juni 2016 fekk Os kommune brua offisielt i gåve under ei markering. Brua hadde då ein prislapp på om lag 3 millionar kroner.

I tillegg til 500.000 kroner frå privatpersonar og firma forskotterte Knut Jarle Aspenes sjølv 2,1 millionar til reisinga av brua.

– Eg angrar ikkje på ei krone eg har brukt. Når eg ser så mange folk som bruker denne, så får eg tilbake kvar einaste dag. Dette er folkehelse i praksis, sa Aspenes då.

Og for den som trudde at brua hadde fått namnet sitt frå gåvegjevaren, kunne eldsjel Peder Fløysand avkrefta dette;

– Brua er eit knutepunkt mellom begge sidene av Oselvo. Derav namnet Knutabruo.

Bygge-kohort på fjellet

I prosessen med Knutabruo er det tre namn som går att; Peder Fløysand, Bernt Norevik og Harald Døsen.

I desse dagar er trioen i ferd med å avslutta bygginga av ei sankebu ved Høgehaugen på Borgafjellet.

– No står det berre att tre veggar og nokre benkar, så er bua ferdig, fortel Peder Fløysand.

Saman med Norevik og Døsen nyter han fine dagar på fjellet.

– Ei betre pensjonisttid skal du leita lenge etter, kjem det frå Døsen.

– Pausane er vel så viktige som sjølve arbeidet. Her oppe er verda korona-fri for oss, så på mange måtar har vi ein slags «bygge-kohort» saman.

Bua ligg nær Høgehaugen på Borgafjellet. (Foto: KOG)
Bua ligg nær Høgehaugen på Borgafjellet. (Foto: KOG)

Løna er heller ikkje noko å klaga på ifølgje karane;

– Løna vår er å sjå folk ta i bruk bua!

Humoren sit særs laust under intervjuet, og spesielt Norevik er eit ynda spøkjeobjekt;

– Han er framleis lærlingen vår, men han stig i gradane, seier Fløysand og flirar godt.

– Det er ikke verst av ein sogning. No skal han snart ha eksamen i vater og lodd òg ...

Skal vera eit knutepunkt på Borgafjellet

Sankebua var først tenkt å vera ein gapahuk, kan Fløysand fortelja. Men då Harald Døsen stilte ut sankebua si under Handverksdagen i Vognhallen i fjor sommar vart det klart at nettopp denne hadde vore perfekt på fjellet.

– Hytta vart etterkvart kjøpt av Gudmund Fløysand og Fløysand Invest AS, og dei har i tillegg kosta helikopter-frakt av bua opp hit, fortel Norevik.

– Taket er tekka av Fløysand Tak, og no er det altså vi tre som får vi æra og gleda av å setja ho opp.

– Som med Knutabruo skal denne bua vera for ålmeinta - altså noko alle kan nytta seg av, seier Fløysand. På mange måtar skal ho vera eit knutepunkt her på Borgafjellet, på same måten som Knutabruoa er eit knutepunkt i området sitt. No kan bua vera eit turmål for alle frå barnefamiliar og barnehagar til vaksne som vil setja seg ned å nyta ei stund på fjellet.

– Benkjane som vi snart skal til å montera er i tillegg såpass breie at du får eit liggje-underlag oppå dei, legg Norevik til. Då kan dei ivrigaste nyta natta her oppe om dei vil.

Gav bua vidare til turlaget

Gudmund Fløysand fortel til Midtsiden at han no har gjeve hytta vidare til Os Turlag.

– Eg er sjølv ein glad turgåar, og for meg er dette ein fin måte å gjera noko for andre glade turgåarar. Eg kjem sjølvsagt til å nytta bua på mine turar i fjellet. Ho ligg fint til å kan nyttast til så mangt.

Fløysand har òg eit sterkt ønske for bua;

– Eg håper folk vil fara fint med ho, og at dei hugsar å ta bosset med seg heim att!

Du finn buo lettast ved å gå opp mot Borgafjellet frå toppen av Hjelle. Då får du ho etterkvart på venstre side. Alternativt går du frå Borgafjellet mot Linken/ Møsnuken - då får du ho på høgre side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.