Lokal | 08. okt. 2010

Ekstremt dyr pale

Tre personar blei i går tatt for å fiska nær oppdrettsanlegg. Dei risikerer bot på til saman 18.000 kroner.

Ekstremt dyr pale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. okt. 2010 08:23

Torsdag ettermiddag var Kystvakten innom Os for å levera frå seg nokre beslaglagte teiner til Os lensmannskontor. På veg frå Os hamna dei i eit nytt oppdrag.

- Utanfor Halhjem oppdaga vi ein båt som låg heilt inntil eit oppdrettsanlegg. Om bord var det tre personar som fiska, fortel skipssjef Roger Hoel.

Kystvakten sette ut ein lettbåt og kjørte bort for å ta personalia på dei tre bergensarane.

- Dei blir meldt til Os lensmannskontor, fortel Hoel.

Risikerer store bøter
Tidlegare var fisking nær oppdrettsanlegg eit ganske vanleg problem, både blant fastbuande, hyttefolk og fisketuristar frå utlandet.

- Men etter at vi byrja å bøtelegga desse så kom det seg. No er det ganske sjeldan vi ser fiskarar nær oppdrettsanlegg.

Bøtene kjem gjerne opp i 6000 kroner per person om bord.

Fryktar rømming
Båtar skal halda seg minst 20 meter vekke frå oppdrettsanlegga, fiskarar minst 100 meter. Kystvakten og politiet ser svært alvorleg på slike lovbrot.

- Den viktigaste årsaka til at folk skal halda avstand er dei alvorlege konsekvensane det kan få om ein krok hektar seg i merdane og lagar hol så laksen kjem seg ut.

- Det handlar ikkje berre om økonomisk tap ved rømte verdiar i form av laks som skal seljast, men miljøkonsekvensar når oppdrettslaks i store mengder blandar seg med villaks og kanskje smittar dei med sjukdom. Sumjeturen frå Halhjem til Oselvo er kort for ein laks, seier skipssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.