Lokal | 14. apr. 2020

Ektepar smitta av koronaviruset

Bjørnafjorden kommune er no oppe i 16 smitta totalt.

Ektepar smitta av koronaviruset
Koronaviruset. (Foto/ill: FHI.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2020 10:18
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Tysdag 14. mars fortel Bjørnafjorden kommune om to nye smittetilfelle.

Dei smitta er eit ektepar i 70-åra.

– Smittevegen er kjent og alle nærkontaktar er sett i karantene, melder kommuneoverlege Klaus Melf via kommunen sine heimesider.

Totalt er det no 16 bekrefta smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Førre smitta var konstatert onsdag 8. april.

Datoane for dei første 14 smittetilfella i Bjørnafjorden:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.