Lokal | 06. mars 2021

Endeleg tid for premiere - Kva ventar vi på?

Etter eit år med mykje fram og tilbake er Os barne- og ungdomsteater klare med eit høgaktuelt stykke.

Endeleg tid for premiere - Kva ventar vi på?
Hanne Dahl er ein av skodespelarane du kan sjå i stykket «Takk for at venter». (Foto: Os- barne og ungdomsteater)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 06. mars 2021 08:49

– No blir det endeleg teaterpremiere for Os barne- og ungdomsteater, fortel instruktør Frøydis Flotve.

– Etter eit usikkert år med mykje fram og tilbake, med nedstenging og nye smitteverntiltak kvar veke, kryssar vi no fingrane for at premieren kan gå som planlagt.

«Takk for at du venter»

Saman med dottera, Veronika Flotve Røssland, har Frøydis leia arbeidet fram til det som skal bli to framsyningar i aktivitetshuset på Nore Neset, tysdag 9. mars og måndag 18. mars.

Frøydis og Veronika fortel at stykket «Takk for at du venter» er heilt nytt og utvikla av ungdommane i lag med instruktørane.

– «Takk for at du venter» er inspirert av boka «Virusvår» som kom ut hausten 2020. Boka inneheld tekstar frå ein skrivekonkurranse som vart arrangert av DUS- den unge scenen i fjor vår.

– Ungdom frå heile landet har skrive ulike typar tekst om sine opplevingar med nedstenginga av samfunnet i fjor vår, og kaoset med alle restriksjonar og endringar av planar, noko som vi alle har levd med på kvar våre måtar sidan.

Stykket er høgaktuelt fortel instruktørane, Frøydis Flotve og Veronika Flotve Røssland. (Foto: Os- barne og ungdomsteater)
Stykket er høgaktuelt fortel instruktørane, Frøydis Flotve og Veronika Flotve Røssland. (Foto: Os- barne og ungdomsteater)

Generasjon isolasjon

« Ungdommane sit på scenen og ventar – på at alt skal bli normalt – på at livet kan fortsette som før – eller kva ventar vi på?»

Frøydis og Veronika er begge litt overraska over kor relevant stykket og teksten framleis er.

– Då vi starta arbeidet med produksjonen i fjor haust, visste vi ikkje at det framleis ville vere like relevant. Ungdommen har visst allereie fått namnet «generasjon isolasjon» , så då passar jo tittelen «Takk for at du venter» veldig bra.

Den lokale teatergruppa skulle eigentleg ha delteke på den regionale festivalen på Den Nationale Scene 19-21. mars, men denne vart avlyst.

No er Os barne- og ungdomsteater på jakt etter andre spennande måtar å formidle stykket ut til publikum på.

– Det kjem eit fagleg råd på besøk til ei av framsyningane våre på Nore Neset. Dette for å avgjera kva for ei av dei sju produksjonane frå regionen som skal representera Vestland på den nasjonale festivalen, ein festival som mest sannsynleg blir digital.

– DUS vil gjerne at vi også filmar framsyninga og tar ein del bilde, slik at det vert skikkeleg dokumenter, så det skal vi òg prøve å få til på dei dei to framsyningane vi skal gjennomføra.

Skodespelar Ingeborg Lund Larsen. (Foto: Os barne- og ungdomsteater)
Skodespelar Ingeborg Lund Larsen. (Foto: Os barne- og ungdomsteater)

Meld i frå om du kjem

Med gjeldande smittevern-reglar innrømmer Frøydis at det er noko styrete å setja opp to teaterframsyningar.

– Vi treng at alle gir beskjed om de vil koma på ei av framsyningane. Alle må bestilla billett på førehand, og vi må registrera namn og telefonnummer for ei eventuell smittesporing. Billettar kan du lettast bestilla via Facebook-sida til Os- barne og ungdomsteater.

– Det blir sjølvsagt tilviste plassar til alle, slik at me kan sørge for god nok avstand. Slik er det med alle kulturarrangement for tida. Litt meir logistikk, men så viktig at noko kan arrangerast likevel, avsluttar dei to instruktørane.

På scenen:
Kristina Dale
Hanne Dahl
Ingeborg Lund Larsen
Sara-Emilie Stoknes Hammer

Stykket passar for alle frå 10 år og oppover.

Kristina Dale er òg med i stykket. (Foto: Os- barne og ungdomsteater.)
Kristina Dale er òg med i stykket. (Foto: Os- barne og ungdomsteater.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.