Lokal | 29. mars 2021

– Er det nokon som eig desse?

Vandra rundt Irisgården måndag formiddag.

– Er det nokon som eig desse?
Desse fuglane kan vera vingeklipte og heimehøyrande i ein hage. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mars 2021 09:31

Måndag i 10.50-tida var to fuglar på vandring på parkeringsplassen utanfor Jysk i Irisågården.

– Eg har aldri sett sånne fuglar før, seier tipsar, og undrast over kva art det er.

Desse fuglane er truleg moskusender, og kan vera tamme. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Desse fuglane er truleg moskusender, og kan vera tamme. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Det kan sjå ut som moskusender. Dei er opprinneleg frå Sør-Amerika, men finst òg i Noreg og andre stadar i Europa, i det fri, men òg som halvtamme hagedyr.

Nokre eigarar av moskusender vel å vingeklippa fuglane, men dei er uansett ganske stadbunden, og kjem gjerne tilbake til hagen din, om dei har tatt seg ein flygetur.

Dersom fuglane er vingeklipte, kan dei bli vandrande rundt i trafikken, og bilistar bør vera varsame. Meldar har ikkje varsla politi eller brannvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.