Sport | 08. feb. 2020

Er ikkje uroa etter stortap for Sotra

– Vi klarer oss bra i etablert forsvar, men har litt å luka vekk før sesongstart.

Er ikkje uroa etter stortap for Sotra
Lysekloster mot Sotra, her i NM-runde i fjor, spelte treningskamp i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. feb. 2020 14:52

Lysekloster - Sotra 1-7 (1-1)

Lysekloster fekk det tøft mot nyopprykka Sandviken i vinterens første treningskamp, og tapte 3-1. I dag tok dei imot Sotra.

Sotra rykte opp med 4 poeng meir enn Lysekloster i 2018. Lysekloster tapte 2-1 borte og spelte 2-2 heime den sesongen.

I fjor møttest dei i første NM-runde, der Sotra vann 2-4. Sotra landa på 9. plass av 14 lag i Post Nord-ligaen 2019.

I dagens heimekamp gjekk Lysekloster i leiinga.

– Det var eit fint angrep med fleire kombinasjonar før Simen Næss blei tredd gjennom og skåra, seier Lysekloster-trenar Simen Næss.

Men dei klarte ikkje å skåra meir enn det eine målet.

– Vi var åleine med keeper to gongar til før pause, og éin gong det første kvarteret av andre omgang. Offensivt var det ein del lyspunkt.

I andre omgang sleppte Lysekloster inn 6 mål.

– Ingen av baklengsmåla kom i etablert forsvar, ein haug med personlege feil mens vi hadde ballen var årsaka til alle. Sotra er gode på overgangar.

– Mykje speletid til alle, på full bane, der vi får testa det vi øver på i trening, er hovudmålet. Og så får vi nokre svar på kva som fungerer og kva vi må jobba med. Vi har litt å luka vekk, men mykje bra å ta med oss etter dagens gjennomkøyring, og alle kom seg skadefri gjennom kampen.

Lysekloster - Sotra 1-7 (1-1)
Målskårar, Lysekloster: Simen Næss (17.)

Lysekloster starta med: Jakob Folkestad, Ronny Rojas, Peter Aase, Stefan Aase, Preben Skorpen, Johan Stormyr, Marius Bildøy, Claudio Marville, Håkon Brautaset, Joachim Westrheim og Simen Næss.

Innbytarar: Emil Harloff, Kristian Eidnes, Sebastian Aase, Tobias Heltne Alme, Eskil Instebø, Eirik Jacobsen og Thorvald Trætteberg

Også neste treningskamp går på heimebane, laurdag om ei veke tar Lysekloster imot Florø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.