Politi | 29. jan. 2022

Fann båt på rek i Skeisosen

– Det er ingen teikn på at det nyleg har vore folk i båten.

Fann båt på rek i Skeisosen
Skeisosen utanfor Askviknes. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. jan. 2022 09:12

Fredag klokka 14.30 fekk politiet melding om båt på rek i Skeisosen.

– Den blei skildra som ein kvit og blå robåt på rundt 12 fot, ein båt utan motor, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Den låg ved nokre holmar utanfor Kysthospitalet. Politiet sendte melding vidare til brannvesenet, som har eigen båt.

Det er ikkje notert om branvesenet har vore ute og eventuelt taua båten til land.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.