Lokal | 20. aug. 2018

Fann store mengder døde skaldyr

«Mystisk massedød» skriv NRK om to funn i Os.

Fann store mengder døde skaldyr
Store mengder død krill skapte uro og dårleg lukt i Vargavågen i førre veke. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. aug. 2018 06:54

Bildeserie:

Også i Lekvenvågen skal det ha vore likande funn i førre veke. (Foto: KVB)
Også i Lekvenvågen skal det ha vore likande funn i førre veke. (Foto: KVB)
Forskar seier det er vanskeleg å slå fast kva som er årsaka. (Lesarbilde)
Forskar seier det er vanskeleg å slå fast kva som er årsaka. (Lesarbilde)
1 av 2
Også i Lekvenvågen skal det ha vore likande funn i førre veke. (Foto: KVB)
Forskar seier det er vanskeleg å slå fast kva som er årsaka. (Lesarbilde)

Fredag fekk Midtsiden tips om funn av enorme mengder døde reker i Lekvenvågen. Dei døde skaldyr skal ha vist seg å vera krill.

– Eg las om noko liknande på Facebook tidlegare i veka, og har også fått ein telefon om dette tidlegare i dag, sa brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden fredag ettermiddag.

Han var då på veg til observasjonar både i Vargavågen og Lekvenvågen.

Vanskeleg å veta årsaka

NRK var på saken før helga, og har snakka med Guldborg Søvik, som forskar på reker og skalldyr ved Havforskningsinstituttet.

Ho er bekymra, men seier det er vanskeleg å slå fast kva som er årsaka til denne strandinga.

– Vi veit at kjemikalier som blir brukt til avlusing av oppdrettslaks er dødelege for skaldyr, men massedøden kan òg ha naturlege årsaker, seier ho til NRK.

Stein Gjøsund seier saka er meldt til politiet, og at han i dag vil kontakta miljøavdelinga hos Fylkesmannen for vidare undersøkingar i saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.