Sport | 03. feb. 2021

Fantastiske forhold hos Bjørnefjorden Golfklubb

Bjarte Wiberg ønskjer velkommen til seks kilometer med løyper.

Fantastiske forhold hos Bjørnefjorden Golfklubb
Dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Bjarte Wiberg, ønskjer Bjørnafjordingane velkommen til nypreparerte skiløyper. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 03. feb. 2021 13:32

Måndag vart det laga nypreparerte skiløyper på Kuventræ, det same finn du også hos Bjørnefjorden Golfklubb.

– Vi er heldige som får god hjelp av Os Røde Kors, dei har laga nye løyper etter at det kom kraftig påfyll av snø søndag. No kan folk boltra seg med skigåing i flotte spor, seier dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Bjarte Wiberg.

– Vi har éi løype på fire kilometer og éi på kring to kilometer.

Viktig beskjed

Med mykje snø og flotte løyper, kjem det òg nokre utfordringar.

– Vi har nokre plassar kor vi har meir sårbar grunn, spesielt der greenane er.

– Vi har prøvd å markera ut desse plassane, men det gikk ikkje lange tida før det kom skispor over desse. Her ber vi folk ta hensyn, slik at vi ikkje øydelegg bana, oppmodar Wiberg.

Her ber vi folk ta hensyn, slik at vi ikkje øydelegg bana, oppmodar Wiberg.
Her ber vi folk ta hensyn, slik at vi ikkje øydelegg bana, oppmodar Wiberg.

To fine rundar

Ei som i dag har nytta anlegget med ski på beina, er Mette Samdal.

– Det er fantastiske forhold! Her kosar eg meg og har allereie gått to rundar. Eg blir sveitt av dette, men kan ikkje gi meg enno, eg må nok ha meg nokre rundar til, seier Mette.

– Eg smører med blå, og det fungerer glimrande.

Mette Samdal koste seg på ski under blå himmel og steikande sol. (Foto: ØH)
Mette Samdal koste seg på ski under blå himmel og steikande sol. (Foto: ØH)

Opnar for nytt skirenn

Med eit vellukka skirenn i midten av januar, er det med meir vinter mogleg med fleire renn.

– Det vart veldig bra sist gong, men skal det arrangerast eit nytt skirenn, så gir vi frå oss initiativet.

– Viss det er andre som ønskjer å arrangera, så er dei hjarteleg velkomne til å nytta banen og fasilitetane våre, seier Wiberg.

Flotte forhold hos Bjørnafjorden Golfklubb. (Foto: ØH)
Flotte forhold hos Bjørnafjorden Golfklubb. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.