Lokal | 29. jan. 2021

Fekk 50.000 kroner til ny Røde Kors-båt

Sparebanken Vest blant deltakarane i stort spleiselag.

Fekk 50.000 kroner til ny Røde Kors-båt
Kristian Strønen frå Røde Kors og banksjef Benedicte Toftesund ser fram til at ny båt kan bestillast. (Foto: Kjeil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. jan. 2021 08:46

Tidlegare i januar fortalte Røde Kors og korleis fire lokallag, inkludert Os, engasjerer seg for å finansiera ny Røde Kors-båt i bergensregionen.

5,6 av 8,5 millionar kroner var på plass, og fleire sponsorar har den siste tida kasta seg på.

I går kom nok ei raus gåve.

– Vi ønskjer å støtta Røde Kors sitt gode arbeid, også til sjøs, seier banksjef Benedicte Toftesund i Sparebanken Vest.

Dei kom med ein sjekk på 50.000 kroner.

– Dette var ei stor og gledeleg overrasking! Vi set stor pris på støtta, og er glade for at dei synest dette initiativet med ny båt er så viktig at dei vil vera med og bidra. Vi sendte lik epost til banken som til fleire bedrifter, kanskje kan dette vera med på å få andre til å slutta seg til prosjektet.

– Ordførar ringte meg og fortalte om innstillinga til formannskapet neste veke, at kommunen ønskjer å bidra med 25.000 kroner, og Inka-fabrikkbyggar Helgesen Tekniske Bygg, som òg bygde Røde Kors-huset i Kolskogen i si tid, har kome inn med heile 100.000 kroner, fortel Kristian Strønen frå Os Røde Kors.

Kan bestilla før den er fullfinasiert

Strønen brukte ikkje tida i banken til å be om lån for siste del av båtkostnadane.

– Vi ønskjer å få den betalt med éin gong. Men om vi ikkje får inn alle pengane innan rimeleg tid, kan vi plukka av noko utstyr og bestilla båten. Så kan vi heller rusta den opp etterkvart.

Røde Kors har fått takst på den gamle båten, som skal vera verdt rundt ein million kroner.

– Desse pengane kan vi dessverre ikkje ta med i rekneskapen, då vi treng denne båten i drift til ny båt er ferdig og på plass. Røde Kors Hordaland sin båt deltar i mange søk samanlikna med andre regionar, og når vi er på oppdrag for Hovedredningssentralen får vi òg inntekt på den.

– Målet er at ny båt skal vera endå meir synleg i skjergarden, på førebyggande turar, og vi jobbar med fleire idear.

Os Røde Kors nyttar til dømes Røde Kors Båten i samanheng med barneleir og sjøredningskurs for hjelpekorpsa i Hordaland, der dei nyttar Ramsholmen i samarbeid med Os Rotary Klubb og Bergen og Omegn Friluftsråd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.