Brann og beredskap | 18. apr. 2023

Fekk forklaring på kvifor «mann i sjøen» ikkje reagerte

Fiskar let seg ikkje uroa av bergingsmannskap som sto på moloen og ropte.

Fekk forklaring på kvifor «mann i sjøen» ikkje reagerte
I tillegg til redningsdykkarar i båt og luftambulanse var det stort mannskap på land. (Lesarbilde, foto: Celina Eide Døsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. apr. 2023 08:27

Måndag kveld blei det utløyst ein større aksjon etter melding om mogleg mann i sjøen.

Vitne såg plasking og lys cirka ein kilometer frå land, og både luftambulanse, brannvesen i to båtar, politi og ambulanse rykte ut.

Hodelykt var tent i periodar, men redningsdykkarar i båt fann ikkje mannen før deio var 15 meter frå han.

Det viste seg å vera ein mann i ein lågtflytande robåt som ikkje trengte hjelp. Fiskaren hadde heller ikkje reagert på at det var blålys og ropande redningspersonell på moloen.

– Det var ein mann i starten på 30-åra som var på fisketur.

– Han hadde hodelykt på seg, men han hadde også øyretelefonar, så han hadde ikkje høyrd oss, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ho viser forståing for at fiskaren hadde «vendt seg vekk frå omverda», men konstaterer at det kan vera lurt å følgja litt med på omgjevnadane, i tilfelle noko går gale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.