Lokal | 10. okt. 2020

Fekk kjøpa Hordfast-aksjane til Bjørnafjorden kommune

– Eg forstår godt at dei vil selja.

Fekk kjøpa Hordfast-aksjane til Bjørnafjorden kommune
Gabriel Fliflet, somtidlegare har spelt på Osøren Blues & Jazzfestival i Os, har nok kjøpt kommunen sine Hordfast-aksjar. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. okt. 2020 07:52

Bjørnafjorden kommune sel aksjeposten sin i Hordfast AS til Naturvernforbundet.

– Eg forstår godt at Bjørnafjorden kommune vil ut av motorvegprosjektet Hordfast, seier Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland, i ei pressemelding i dag.

Saman med ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, har han signert kontrakten der Naturvernforbundet Hordaland kjøper kommunen sin aksjepost i lobbyselskapet Hordfast AS.

– Ingen andre var interessert i å kjøpa, og då slår vi til, seier Fliflet.

– På første generalforsamling vil vi reisa forslag om at selskapet sitt arbeid blir lagt på is, inntil forslaget om å oppretta nasjonalpark i staden for motorveg er grundig utgreidd.

Han meiner det ferjefrie motorvegprosjektet er eit gufs frå fortida, og at det å legga til rette for femdobla biltrafikk vil øydelegga rik natur.

Os betalte 100.000 kroner

NHO eig 100 av dei 143 aksjane i Hordfast AS. Dei resterande aksjane er fordelt mellom ni kommunar inkludert Bjørnafjorden, og næringsråda i Bergen, Stord, Bømlo, Haugaland og Stavanger.

Naturvernforbundet sa den gong at dei ville koma med eit bod som var «nærmare 5.000 kroner enn dei 100.000 kronene Os betalte for aksjane».

Det står ikkje i pressemeldinga kva Naturvernforbundet betaler for aksjane til Bjørnafjorden kommune.

OPPDATERT: Ordførar Trine Lindborg er opptatt med vigsle i dag, men opplyser via tekstmelding at kjøpesummen blei 10.000 kroner.

Nytt fleirtal gjekk inn for sal

Os kommunestyre avgjorde i april 2018, med 18 (Frp og Høgre) mot 17 stemmer, at kommunen skulle kjøpa seg inn i selskapet.

I juni 2020 kom nyheita om at Bjørnafjorden kommune ville selja seg ut av lobbyselskapet.

I kommunedirektør Christian Fredrik Fotland sitt framlegg til vedtak sa han mellom anna at: «Bjørnafjorden kommunestyre gir ordførarfullmakt til å avhende kommunen sin aksjepost i Hordfast AS. Fram til aksjeporteføljen er avhenda fråseier Bjørnafjorden kommune seg retten tilstyreplass i Hordfast AS og kommunen sin representant, inkl vararepresentant, trer ut av styret.»

16. juni vart salet vedteket av kommunestyret i Bjørnafjorden kommune med 18 (Ap, Sp, MDG, SV, KrF og Harald Lekven uavh) mot 17 (Frp, Høgre og Magne Djuvik uavh.) stemmer.

I eit lesarinnlegg publisert 12. juni sa Atle Kvåle, gruppeleiar Arbeidarpartiet, Terje Sperrevik (Sp), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Bjarte Samnøy (KrF), Asle Olsen (SV) og Harald Lekven (uavhengig) at sjølve pengesummen er beskjeden, men salet er viktig for lokaldemokratiet.

I starten på oktober fortalde NRK.no at Naturvernforbundet i Hordaland, med fylkesleiar Gabriel Fliflet i front, har vist interesse for å kjøpa dei fem aksjane i Hordfast AS som Bjørnafjorden kommune eig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.