Politi | 05. nov. 2021

Fekk nokre prikkar for mykje

Ung mann mista lappen på Osveien i går.

Fekk nokre prikkar for mykje
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 05. nov. 2021 08:40

Klokka 01.20 natt til fredag mista ein ung mann lappen.

– Det var UP-patruljen som var ute i natt og kontrollerte ein ung mann. Han køyrde i 76 km/t i 60-sonen på Osveien.

– Den unge mannen hadde mange prikkar frå før, og fekk tre nye prikkar i natt. Sjåføren passerte åtte prikkar og mista difor lappen på staden, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Han fekk også eit forelegg på 5.850 kroner.

Sjåføren erkjente straffeskyld og samtykka til beslag av førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.