Lokal | 26. aug. 2020

Femte smittetilfelle i haust

Nok ein person frå Bjørnafjorden kommune er smitta.

Femte smittetilfelle i haust
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2020 07:25

Fredag blei ei kvinne frå Bjørnafjorden kommune konstatert smitta av covid-19.

Dette var det 20. smittetilfellet i vår kommunesidan smitteutbrotet i mars, og det fjerde i august.

Etter det Midtsiden kjenner til, var det i går sett i gang smittesporing etter nok ein smitta person.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå smittevernlegane i Bjørnafjorden onsdag morgon, og kommunen har foreløpig ikkje publisert sak om smittetilfellet.

Men VG sin oversikt stadfestar at vi har auka frå totalt 20 til 21 smittetilfelle i Bjørnafjorden.

OPPDATERT: Kommunedirektør Christian F. Fotland stadfestar at det er eit nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden.

– Det er ei kvinne i 20-åra. Alle ho har vore i nærkontakt med har blitt sjekka. Det kjem snart informasjon ut på heimesidene våre, seier Fotland.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
Alle dei fem smittetilfella i august er på Os-sida av kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.