Kultur | 28. mars 2020

– Filmen er så godt laga at du gløymer det meste til ståket har stilna

Lesarbidrag: Kva med ein klassikar i desse koronatider?

– Filmen er så godt laga at du gløymer det meste til ståket har stilna
– Irene Papas og ei kvinne til pyntar opp mellom verbitne menn, skriv Haga om Kanonene på Navarone. (Highroad Productions)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mars 2020 09:22

For ei tid sidan fekk me ein film i gåve, tittelen er «Kanonene på Navarone». Me har sett filmen før, men no ein kveld var det nett tidspunktet å henta han fram att. Så slepp me tanken på koronasmitten den stunda filmen varer, og det er to og ein halv time.

Gregory Peck er i storform, og Anthony Quinn ikkje mindre.

Eit par tusen britiske soldatar er innestengde ein stad inst i eit gresk farvatn midt under krigen, og må hentast ut før dei er heilt fortapte. Men destroyerane som skal henta dei, maktar ikkje forsera øya Navarone, for på den har tyskarane bygt to mektige, radarstyrte kanoner med kontroll over det aktuelle havstykket. Den einaste løysinga for dei allierte er å prøva å øydeleggja skytset innanfrå.

Filmcoveret. Klassikaren er frå 1961.
Filmcoveret. Klassikaren er frå 1961.

Dermed vert det hanka i hop eit sabotasjeteam som du skal leita etter maken til, med dei to nemnde pluss David Niven som basar - sistnemnde som sprengingsbas.

Dei utvalde tel seks mann, og mellom anna må dei klatra opp ein stupbratt fjellvegg. Gregory Peck spelar ein vidkjend fjellklatrar frå New Zealand, og greier ta seg til topps. Men då Anthony Quinn kjem etter og når opp til han, glepp taket for Gregory, han vert hangande utfor ei ufs i neven på den bomsterke Anthony, som greier halda på kameraten til han får feste att.

Filmen er fri for daudpunkt. Noko hender frå morgon til kveld, med nattetimar til hjelp.

Det heile er sjølvsagt ei form for moderne eventyr, men filmen er så godt laga at du gløymer det meste til ståket har stilna. Irene Papas og ei kvinne til deltek som medlemer av den lokale motstandsrørsla, dei pyntar opp mellom verbitne menn.

Ein annan video som høver godt til å halda tanken på koronaviruset i sjakk, er «Casablanca», med Ingrid Bergmann og Humphrey Bogart. Det er romantikk som forslår, men i vanskelege tider treng me ein dose romantikk, kanskje ikkje minst då.

Det er så mange slags skodespelarar som har gjort seg gjeldande etter at den fåmælte Humphrey Bogart stod fram i belte-frakk og filthatt, men tru om ikkje gamlekarane hevdar seg godt framleis.

Arnfinn Haga

Arnfinn Haga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arnfinn Haga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

«Guns of Navarone» er ein film frå 1961. Filmen var nominert til 8 Oscar og vann éin (beste spesialeffektar). Den vann òg to Golden Globe-prisar. Mesteparten av filmen blei spelt inn på den greske ferieøya Rhodos, der skodespelar Anthony Quinn seinare bygde seg eit feriehus ved den idylliske bukta kor fleire av scenane utspeler seg. Denne har fått namnet Anthony Quinn Bay/Beach, og er ein populær utfluktstad 20 minutt frå Rhodos by med bil.

Anthony Quinn beach på Rhodos. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anthony Quinn beach på Rhodos. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.