Jakt, fiske og natur | 09. juni 2023

Fiske i hamna: Oppdaga eit «komisk» smutthol

I periodar har du lov å fiska laks ved Peppes, men ikkje på Solstrand.

Fiske i hamna: Oppdaga eit «komisk» smutthol
Du kan i periodar fiska nær dette skiltet, men ikkje 101 meter utanfor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. juni 2023 12:27

Onsdag minna grunneigarlaget i Oselvo om dei samansette reglane for fiske i Os hamn, grunna fleire meldingar om ulovleg fiske.

– Eg ønskjer å presisera at det ikkje er vi lokalt som har laga desse reglane, det er nasjonale og regionale forskrifter. Vi ville berre informera, seier formann i grunneigarlaget, Roald Helle.

– Vi som fiskar i elva vil vera på lag med dei som fiskar i hamna, vi ønskjer at flest mogleg skal få fiska, anten dei står gratis i hamna eller billig i Oselvo.

I Oselvo kan stå med 2 til 3 stenger i 8 timar for frå 50 til 250 kroner, avhengig av sone.

Helle reknar med at dei fleste ønskjer å halda seg til reglane, og er samtidig einig i alle som synest dei både er kompliserte og for dårleg informert om.

– I samband med klagene som no kom inn, og oppsynsmannen sitt forsøk på å setja seg inn i reglane, blei det oppdaga eit smutthol.

Det er i området markert 2, frå grense elv-sjø og 100 meter ut, at smuttholet ligg.
Det er i området markert 2, frå grense elv-sjø og 100 meter ut, at smuttholet ligg.

Reglane og sonene sånn dei i utgangspunktet var formidla:

1. Forbodssone: Alt fiske forbode, uansett reiskap, heile året!

2. 100 meter-sona: Fiske med stong frå land er lovleg frå sesongstart i elva (1. juni 2023, ulike datoar tidlegare år), men etter laks (og aure*) berre etter 15. juli

3. Fredningssona: Lovleg å fiska med stong og handsnøre frå land og frå båt heile året, men etter laks (og aure*) berre etter 15. juli.

*Håper folk ikkje fiskar aure: I år 2000 blei det fiska 681 aure i Oselvo, i 2009 var talet nede i 35. 2011 er sist det var fiske etter sjøaure i Oselvo, då blei det tatt berre 10. Frå 2012 har det vore forbod mot å ta sjøaure i heile Osvassdraget. Bestanden kjem seg ikkje opp igjen om det blir fiska sjøaure rett på utsida av elva.

Då vi i 2017 publiserte desse første gong, blei artikkelen korrekturlese av både lokale og regionale instansar.

Reglane i sone 1 og 3 stemmer.

Reglane i sone 2 er berre nesten rett.

All fisk så snart elva opnar

Det viser seg no at éin ting var feil, siste del av punkt 2.

– Det viser seg at du kan fiska alle artar i sone 2 i hamna så snart elva opnar, du treng ikkje venta med laks til 15. juli.

– Men du kan max ta to laks per døgn, som i elva, seier Helle, som har avstemt dette med Gry Walle hos Statsforvaltaren.

Paradokset er at du ikkje har lov i sone 3, for eksempel på moloen på Steinneset eller på Solstrand, før 15. juli. Då må du heller gå lengre inn i hamna, til sone 2.

– Vi vil jobba med å gjera regelverket enklare, sånn at det også er lettare å formidla desse og å forstå og hugsa reglane. Det enklaste hadde vore om det opna i hamna samtidig som i elva, blant anna.

Korrigert versjon

Korrigert regel for sone 2, 100 meter-sona: Fiske med stong frå land er lovleg frå sesongstart i elva (1. juni 2023, ulike datoar tidlegare år). Det gjeld også laks (og aure*).

Regelen er no oppdatert i dei to tidlegare sakene.

– Vi håper informasjonen er nyttig, og ønskjer alle skitt fiske! seier Helle.

Eksterne ressursar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.