Lokal | 07. apr. 2021

Fleire tilfelle av blotting på Søfteland

Politiet ber om tips og detaljar frå observasjonar.

Fleire tilfelle av blotting på Søfteland
Blottinga har skjedd på turstiar i Storestraumen-Hjellemarka-området. Her er bilde av Postvegen. (Ill. foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. apr. 2021 07:48

Bjørnafjorden lensmannskontor har den siste tida fått fleire meldingar om blotting. Dei har venta til i dag med å gå ut med opplysingane, då dei ikkje ville skapa unødig frykt.

Blottinga har skjedd på turstiar nær Storestraumen/Hjellemarka på Søfteland.

Ingen born utsett

– Vi har nokre tilfelle før påske og eitt tilfelle i starten på påskeferien, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det er vaksne som har blitt utsett for blottinga, heldigvis ikkje born.

Mistenkte blir skildra som ein ung mann.

– Vi har fleire detaljar, men i tilfelle nokre av dei er misvisande ønskjer vi foreløpig ikkje å gå ut med dei.

– Ta gjerne bilde

– Har nokon konfrontert mannen eller prøvd å innhenta han, om han har stukke frå staden etter blottinga?

– Nei. Det har skjedd på avstand. Men minst éi av meldingane var så ferske at vi har hatt patrulje ute på søk, utan å finna mistenkte.

– Kor mange tilfelle har det vore?

– Det har skjedd 3-4 gongar.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar, eller publikum til eventuelle nye tilfelle, ringa 112 og gi så god skildring som mogleg.

– Ta gjerne bilde eller video av vedkomande, oppmodar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.