Lokal | 06. feb. 2017

Fløysand gav ATV til hjelpekorpset

Gudmund Fløysand er saman med kona Vibeke ein ivrig brukar av naturen i Os. Dei var ikkje vanskelege å be, då Røde Kors trengde hjelp.

Fløysand gav ATV til hjelpekorpset
Gudmund Fløysand frå Fløysand Invest AS overrekte måndag ein ATV til Atle Vågstøl i Os Røde Kors Hjelpekorps (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 06. feb. 2017 12:21

Os Røde Kors har lenge ønskt seg ein ATV for å gjera arbeidet lettare når dei blir kalt ut på søke- eller hjelpeoppdrag ute i terrenget.

– Via ein bekjent i eit anna hjelpekorps fekk eg høyre at Gudmund hadde ymta frampå at han kunne tenke seg å hjelpa til med å finansiera ei båre med hjul til bruk i terrenget. No var det slik at ei slik båre hadde vi allereie fått skaffa oss ved hjelp frå Os Lions. Men eg tenkte at når næringslivet ønskjer å bidra, så er det berre å nytta på.

– Eg tok ein telefon til Gudmund for å høyre om han kunne tenka seg å vera med å starta ein innsamlingsaksjon til ein ATV, fortel Atle Vågstøl.

Hadde ein ståande

Responsen han fekk frå Fløysand var betre enn han hadde venta seg. Fløysand sitt selskap Fløysand Invest AS hadde nemleg tilgang på ein nesten ubrukt ATV, som dei ville gje til Røde Kors.

– Vi er ivrige brukarar av fjella og naturen i Os, så dette er jo meir eller mindre hjelp til oss sjølv. Ein veit jo aldri når uhellet er ute. Det å ha Røde Kors Hjelpekors, som kan stille opp, er utruleg viktig. Då skulle det berre mangla om ikkje vi skulle hjelpa når vi hadde moglegheiten. Det er viktig at dei har dei beste hjelpemidla som er tilgjengeleg. Ikkje berre kan hjelpekorpset gjera ein betre jobb, men eg håper òg det motiverar medlemmane, seier Fløysand om den 700 kubikk store ATV-en med plass til to personar.

Får tilpassa tilhengar

Med Fløysand gav seg ikkje med å berre gje ATV-en. Gjennom samarbeidspartnerane i Os Blikk & Fasade AS, Protek Vest AS, Protett AS og Isomax Energi Hordaland AS, har han sørga for at hjelpekorpset også får ein tilhengar til ATV-en.

– Den skal no bli tilpassa hjå Tysse på Osterøy. Det at vi i tillegg får ein hengar til den er heilt suverent. Det er ofte mykje og tungt utstyr som skal fraktast inn og ut av leiteområder. Ta berre hjul-båra som veg rundt 15 kilo. Denne kan vi no frakte på hengaren så langt inn i området som mogleg, i staden for å måtte ta den på ryggen, forklarar Vågstøl.

Hadde 17 oppdrag i fjor

Os Røde Kors Hjelpekorps er i beredskap saman med dei andre hjelpekorpsa frå Nordhordaland, Bergen sentrum og Sotra/Øygarden/Askøy.

– Går alarmen, så er det 230 personar som får den og det er ofte ein 30-40 som kan stille med ein gong. I fjor mobiliserte vi til 17 ettersøksoppdrag i heile området. Heldigvis ingen på Os, men vi stiller opp for kvarandre.

– Frå før er det berre Fana Røde Kors Hjelpekorps som har ein ATV, så det at vi no også får ein, hjelper ikkje berre oss her på Os, men i heile distriktet.

– Per no er vi 12 godkjente mannskaper for søk og redning i Os, men vi har hatt god påmelding til den kursrekka vi startar no, så håpet er at vi fram mot sommaren vil passera 20 som er godkjente.

Stiller opp

Vågstøl fortel at dei føler at dei segler i medvind om dagen.

– Interessa for å melde seg på kurs og bli med i hjelpekorpset er bra. Når vi i tillegg opplever at næringslivet, slik som Fløysand tek eit tak og hjelper oss med nytt utstyr, så er det noko vi set stor pris på. Ønskjelista er lang, det neste vi treng no er ein infraraud kikkert, så om det er fleire som har lyst til å hjelpa oss, så er det berre å slå på tråden, seier Vågstøl med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.