Folksam finale for 6 fine vinterveker
Vinteren veke for veke: Fleire hundre samla seg på Ulvenvatnet i helga.

Bildeserie:
Søndag kom plussgradane, som meldt, laurdag strøymde folk ut for å nyta den siste gode vinterdagen på ei stund.
Osingane kunne nyta sola på topptur på Midtseterfjellet, langrennstur på Skeie og med skøyter på farbar is på fleire vatn - frå Lepsøyvatnet via Lekvenvatnet til Ulvenvatnet, Banktjørn og Gåsakilen.
Bilane sto tett i Sigurdsvikjo i Ulvenvatnet, båtane ligg frosne fast. Fleire hundre var samla på isen for å stå på skøyter, bada, aka, grilla, gå langrenn, gå på sparketur (!) eller køyra motocross på isen.
Snøen blir truleg liggande ei stund til, sjølv om det er meldt 3-4 plussgradar dei neste dagane, og fare for litt nedbør måndag og torsdag.
Til laurdag er det meldt 6-7 gradar og regn.
- Sjå vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Her er ei oppsummering av den fine vinteren vi har hatt til no - bildeserie frå finalen på Ulvenvatnet ser du nedst i artikkelen.
Seks veker med ski, skøyter og is
Veke 1:
– Beste føret på 10 år, sa Henrik Versto og Per Williams søndag 10. januar, mens dei gjekk langrennstur på tjukk nysnø i Sørstrøno.
Veke 2:
Brannvesenet skilta isen på 4 av 5 vatn som farbar fredag 15. januar.
Bjørnefjorden Golfklubb arrangerte skirenn for 200 deltakarar på Hauge laurdag 16. januar.
Røde Kors sette lys på Banktjørn, så folk kunne kosa seg utover den fine, men elles så mørke skøytekvelden før plussgradane kom.
Veke 3
Etter mildvêr i starten på veka kom frost og svært glatte vegar til helga.
Veke 4
Fredag 29. januar blei isen skilta som farbar på alle dei fem vatna i Os som brannvesenet måler.
Søndag 31. januar blei det fleire problem i trafikken då det landa over 30 cm snø på 2-3 timar.
Sjå bildeserie av Os sentrum søndag kveld og soloppgangen over snødekt Os måndag morgon.
Dei to siste vekene i januar blei dei kaldaste og tørraste i Noreg på ti år.
Veke 5
Måndag 1. februar blei det køyrd opp fleire skiløyper også i Os idrettspark.
Den same veka fraus Hauglandssjøen igjen, og Lars Ole Lunde kunne spasera rundt båten sin.
Søndag 7. februar fraus òg Os hamn igjen frå austsida til vestsida.
Veke 6
Os MC & MX klubb fekk løyve til å køyra på isen på Ulvenvatnet igjen - sjå video!
Aktiviteten var høg på fleire vatn, ikkje minst på Lekvenvatnet, som har hatt både lyskastarar, bålpanne og eigne banemeistrar.
Under ser du bildeserie frå aktiviteten på Ulvenvatnet laurdag (synleg for pålogga abonnentar).
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.