Lokal | 23. jan. 2021

– Først blei vi redde, men dette var kjekt besøk

Ungdomar glade for å sjå Natteravnene.

– Først blei vi redde, men dette var kjekt besøk
F.v.: Mathias Lyssand Thuen, Mikael Porsche, Marcus André Sae-Han Lundby og Ina Berg-Schroeder synest det var kjekt å møta Natteravnene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2021 09:06

Etter seks år vekke frå vegane i Os var Natteravnene i går på patrulje igjen.

Oppslutnaden var god då tidlegare Natteravn, Tore Kleppe, i fjor tok initiativ til comeback.

– Vi har rundt 100 på liste, men kvar av dei skal helst ha berre 1 til 2 vakter i året, så vi treng fleire, seier leiar av interimstyret, Jo Rune Ugulen Kristiansen.

Skjerpa smittevernreglar før jul, og på nyåret, skapte utsetjing, men i går kunne dei endeleg gå på tokt.

– Lurte på om det hadde skjedd noko gale

Natteravnene har base i nye Ung Arena i Os Aktiv ved ungdomsskulen i sentrum, men har plan om òg å gå nokre rundar ute i krinsane.

Etter nokre timar i sentrum køyrde dei ein tur til Nore Neset for å vandra mellom skulane og rundt idrettsanlegget. Der var det ungdom i trening på banen og på avslapping ved barneskulen, der det er mogleg å sitja under tak.

– Vi blei litt redde då vi såg dei, med uniform og refleksar, vi trudde det hadde skjedd noko gale, seier gjengen som sat ved skulen.

– Men dette var kjekt! Det er ikkje ofte vi ser vaksne her på kvelden, og det er hyggeleg at dei kjem forbi og ser at alle har det bra.

Mathias Lyssand Thuen, Mikael Porsche, Marcus André Sae-Han Lundby og Ina Berg-Schroeder synest det var kjekt å møta Natteravnene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mathias Lyssand Thuen, Mikael Porsche, Marcus André Sae-Han Lundby og Ina Berg-Schroeder synest det var kjekt å møta Natteravnene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Norenesingane Mathias Lyssand Thuen, Mikael Porsche, Marcus André Sae-Han Lundby hadde besøk av Ina Berg-Schroeder frå Askøy.

– Det er fint å vera her ved skulen på kveldstid, anten du vil samlast med venar eller møta andre.

– Hender det at det er konfliktar eller uheldige episodar her, som vaksne kunne ha avverga?

– Vi har ikkje opplevd noko, men vi har høyrd om enkelte episodar. Det kjennest trygt å vera her, men fint at Natteravnene kjem innom.

Gode tilbakemeldingar - før og no

Lisbeth Haugland, Gøril Nordtvedt, Arne Sælensminde og ekteparet Tore Kleppe og Annette Kleppe utgjorde første vaktlag for Natteravnene.

Trass regn, kulde og holkeføre møtte dei ein del ungdomar i løpet av dei første timane på Os.

Tore, Gøril, Arne, Lisbeth og Annette var første vaktlag etter comebacket. (Foto: KVB)
Tore, Gøril, Arne, Lisbeth og Annette var første vaktlag etter comebacket. (Foto: KVB)

– Det er få vaksne ute no, med lågsesong og reglar om redusert skjenking. Men det er i hovudsak ungdomane vi er her for, og det var nokre å treffa både i sentrum og her på Nore Neset, fortel Tore Kleppe.

– Vi blir veldig godt mottatt, og det er kjekt å prata med ungdomen. Vi skal verken overvaka eller oppsøka dei, men det blir oftast til at vi får ein prat likevel. På Osøyro var det òg ein bil med litt eldre ungdomar som stoppa og gav oss nokre heiarop.

– Sånn var det i førre periode eg gjekk Natteravn òg, ein kjekk og sosial kveld med andre vaksne, og hyggelege møte med ungdomen.

Mikael og Tore har felles kjente. Då måtte det sjølvsagt sendast snap. (Foto: KVB)
Mikael og Tore har felles kjente. Då måtte det sjølvsagt sendast snap. (Foto: KVB)

Natteravnene skal ikkje fysisk gripa inn. Dei har òg teieplikt, det dei observerer på vakt skal ikkje danna grunnlag for sladder. Men om dei blir vitne til lovbrot så melder dei sjølvsagt ifrå til politiet.

«Natteravnene er ikke «reservepoliti». Natteravner er alminnelige voksne uten særskilte fullmakter. Vi observerer og hjelper, lytter og gir veiledning når barn og unge tar initiativ til det. Alvorlige hendelser skal henvises til foreldre, politi eller andre. Natteravnene vandrer alltid i grupper, aldri alene. Natteravnene våre skal aldri tilby transport av personer. En natteravn skal aldri være alene med barn/ unge og ikke påta seg noen form for oppfølgingsansvar overfor enkeltpersoner» skriv Natteravnene på si heimeside.

Starta etter to episodar med rus

Utløysande faktor for at Natteravn-prosjektet i oktober blei sparka i gang igjen var at det har vore nokre meldingar om rusa ungdom ved Os ungdomsskule sin Os Aktiv, der Ung Arena held til - eller i nærleiken.

Den eine helga blei ein 13-åring henta av mor si etter noko drikking, helga før blei ein gjeng, der yngste var 13 år, tatt på fersken mens dei røykte hasj i ei fiskeskur nær Os Aktiv.

Også i november og desember har det store taket på Os Aktiv vore ein sosial arena på kveldstid, men utan at det har bydd på andre problem enn at nokre ungdomar førre helg tok seg inn på skulen - som truleg allereie sto open - og utan å stela noko eller utføra hærverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.