Lokal | 24. mai 2017

Første del av ferjefri E39 vedtatt

E39 Ferjefri: Stortinget vedtok i går at Rogfast skal byggast. Sjå Statens vegvesen sin animasjonsvideo av heile Ferjefri E39 her.

Første del av ferjefri E39 vedtatt
Slik ser Statens vegvesen for seg at krysset og luftekanalane på Kvitsøy vil bli (ill. Statens vegvesen)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 07:43

Stortinget vedtok onsdag Rogfast det som til no blir verdas lengste og dypeste undersjøiske tunnel, og første steg på ferjefri E39.

Rogfast går frå Harestad på Randaberg rett nord for Stavanger via Kvitsøy til Knarholmen litt nord for Arsvågen, kor ferja over Bokanfjorden går i dag.

– Dagen i dag er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den fyrste kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

Byggjestart for Rogfast kan bli allereie i år. Planen er at dei første bilistane kan ta i bruk tunnelen i 2025/26. Rogfast er verdas største undersjøiske vegtunnelprosjekt på 26,7 km, og har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner.

Hordfast i 2022/23?

På informasjonsmøtet til Statens Vegvesen i Oseana 11. mai fortalde den pappapermitterte statssekretæren Tom-Christer Nilsen at Hordfast ligg inne i forslaget Nasjonal Transportplan (NTP) med oppstart mot slutten av første plan-periode (2018-2023).

– Hordfast er planlagt med oppstart mot slutten av første periode, fortalde Nilsen.

På spørsmål om Hordfast ville bli bygd, sjølv om det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt svara Nilsen:

– Det blir opp til stortinget å avgjera, men det er fleire andre prosjekt i NTP som ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamme. Det vil bli ei skjønnsmessig vurdering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.