Lokal | 11. mars 2020

Første smitta i Bjørnafjorden

Kommunen fekk i kveld stadfesta at ein av dei testa innbyggarane er smitta.

Første smitta i Bjørnafjorden
Første smitta i Bjørnafjorden blei konstatert i kveld, onsdag 11. mars. (Foto av koronaviruset: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2020 20:19

Rett etter kveldens pressekonferanse om nye tiltak for å redusera smitte av koronaviruset fekk Bjørnafjorden kommune stadfesta første smitta innbyggarar.

– Vedkomande er ein mann i 50-åra, seier kommunedirektør Christian F. Fotland til Midtsiden.

Mannen har mildre symptom til no. Han er isolert i eigen heim. Andre i husstanden er i heimekarantene, men har ingen symptom.

– Eg vedkomande blant dei ni som var testa, men som det i 19-tida ikkje var kome svar på? Og har det kome svar på dei åtte andre?

– Det kan eg ikkje svara på enno.

30 personar er til no testa. Dei 21 første prøvane var negative, altså utan smitte.

Har vore i utlandet

Mannen har vore på reise i utlandet og kom heim laurdag.

– Har den smitta vore karantene etter heimkomst?

– Ja, svarer Fotland, men vil ikkje seia om det er eit europeisk land han har vore på reise i, kva krins i kommunen han bur i eller om ungane er i skulealder.

OPPDATERT: Midtsiden har i kveld fått stadfesta at ein av borna til den smitta er elev ved Os ungdomsskule. Eleven er no i karantene, skriv skulen i ei tekstmelding til foreldre.

– Vi jobbar på høggir med kartlegging utover kvelden og natta, og det er fleire omsyn å ta. Vi kan kanskje gå ut med meir informasjon seinare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.