Lokal | 02. des. 2020

Gir vekk juleshowet

Haavard speler jula inn i Oseana på fredag - no kan du strøyma konserten.

Gir vekk juleshowet
Juleshow-arrangør Haavard Skaatun. Her frå ein konsert i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 02. des. 2020 07:42

Bak artisten Haavard finn du fusingen Håvard Grøndal Skåtun.

I fleire år har Håvard arrangert juleshow i Fusa, noko som har blitt ein førjulstradisjon i bygda.

Utseld x 2

I år valde Håvard å leggja showet til Oseana, men korona-pandemien tok ikkje tidleg juleferie for å gjera det heile lettare for arrangøren.

– Vi selde kjapt 40 billettar, men med dei gjeldande restriksjonane får vi berre lov til å sleppa inn 20 publikummarar, fortel Håvard.

– Billettsalet starta bra, men det er jo spesielt å måtte innsjå at du kun kan sleppa inn halvparten av dei som har lyst å koma.

«From all of Haavard to all of us»

Korleis fordelinga av billettar blir løyst reint praktisk veit ikkje Håvard i skrivande stund, men han har allereie teke solide grep for å sikra julestemninga på begge sider av fjorden.

– Saman med Oseana og gode sponsorar i Strøyma, Sparebanken Vest og den kulturelle spaserstokken i Bjørnafjorden kommune vil heile konserten på fredag bli strøyma for alle å sjå.

– No handlar det rett og slett om å gje noko godt til alle, i god juleånd, fortel Håvard.

– Det går òg ut invitasjonar til alle helseinstitusjonane på begge sider av fjorden om å digitalt vera med på konserten, legg Håvard til.

Heilt i Oseana si ånd

Direktør hos Oseana Kunst & Kultursenter, Ole Tobias Lindeberg, som i helga arrangerte konsert med Sivert Høyem for 20 publikummarar, gler seg over at alle no kan få med seg juleshowet.

– Sjølv om dette ikkje blir ein del av strøymetilbodet vårt, Oseana LIVE, er initiativet heilt i kulturhuset si ånd.

–Dette er eit flott tilbod kor alle er på same lag, og heilt glimrande frå sponsorane si side for å sikra at alle kan få oppleva juleshowet til Haavard.

Tradisjonelt og moderne - med gjestar

Håvard fortel at publikum, både i salen og heime kan sjå fram til både tradisjonelle og moderne julelåtar. Det heile backa med fullt band.

I tillegg har Håvard invitert med seg ei rekkje lokale gjesteartistar frå begge sider av fjorden.

– Vi har enno ikkje heilt avklart kor det digitale publikummet kan finna lenkja til konserten, men følg med i sosiale media og på heimesidene til Oseana fram til fredag, så dukkar ho opp etterkvart, avsluttar juleshow-arrangøren.

I bandet på fredag:
Håvard Grøndal Skåtun - Vokal, gitar og piano
Børje Grøndal Skåtun - Piano & Orgel
Erik Rolland - Gitar
Idar Rolland - Slagverk/trommer
(William Rolland/Ole Gunnar Eikeland - Bass)

Gjestevokalistar:
Kjetil Solberg
Fredrik Fotland
Silje Skauge Nordås
Victoria Bakka

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.