Lokal | 23. jan. 2021

Glatte vegar over heile fylket

– Alle strøbilar er ute.

Glatte vegar over heile fylket
Skeisflaten hadde nærmast skøyteis klokka 18.50. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2021 19:41

Etter nokre dagar med mildvêr kom det minusgradar laurdag ettermiddag.

I 18-tida fekk Midtsiden fleire meldingar om glatte fylkesvegar, klokka 18.45 kom åtvaring frå Vegtrafikksentralen.

– Det er glatte vegar over heile Vestland. Alle strøbilar er ute, men enkelte stadar blir saltet vaska vekk av regnet, skriv VTS på Twitter.

– Køyr varsamt! Er det for glatt så lat bilen stå! er oppmodinga.

Litt over klokka 20 blei ein buss ståande fast på Krokeide, omtrent samtidig køyrde ein bil inn i ein midtrabatt på Sandsli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.