Næringsliv | 17. sep. 2020

Grønt skifte i Os Taxi

Dei tre første elbilane er på plass, ti andre skal òg skiftast ut.

Grønt skifte i Os Taxi
Dei tre første elbilane til Os Taxi. Foto: ØH
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 17. sep. 2020 13:39

Os Taxi er inne i ein prosess der dei skal skifta ut bilparken sin og bli utslippsfri innan få år.

– Dette gjeld ikkje berre Os Taxi, fylkeskommunen har vore ute og sagt at innan 1. april 2024 skal alle drosjar i gamle Hordaland vera bilar med nullutslepp. Men det er uansett veldig kjekt å få på plass dei første elbilane, seier Roger Gravelsæter i Os Taxi.

Tre elbilar er no i drift, to til kjem innan utgangen av 2020, trass i at det er ei stund til 2024.

– Fordelane no er at det er ein del «gulrøter» å henta ved å skaffa seg elbil i desse dagar. Eit eksempel er at du no får tilskot til bygging av ladestasjonar, det gjer at du kan lada meir trygt og effektivt når du har drosjebilen med heim på pause. Kommunen er òg på banen i forhold til ladesituasjonen vår her rundt sentralen, seier Øyvind Hellebø.

Rekkeviddeangst

Det å gå frå noko kjent til noko ukjent er ikkje alltid like lett.

– Det er jo klart at det er ein annan peikepinn på kva du har igjen på tanken no når du ser på eit batteri i staden for ein bensinmålar, seier Øyvind.

– No har det blitt veldig godt utbygd med hurtigladestasjonar, så vi skal nok ha kontroll. Men vi ser jo at det er viktig at bilane vi skaffar oss har god rekkevidde, du skal kunna koma på jobb med ein fullada bil og køyra heile dagen utan å lada. Men dagane varierer, så du veit jo aldri om du må lada litt på jobben i blant. Vi må lada når vi kan, ikkje når vi må, seier Gravelsæter.

Polestar er allereie representert med to bilar i Os Taxi. Foto: ØH
Polestar er allereie representert med to bilar i Os Taxi. Foto: ØH

Tilvenning av kjørerytme

Å fylla tanken går i løpet av nokre minutt, mens ei hurtiglading krev fort frå 15 til 30 minutt.

– Kva tenkjer sjåførane om å endra på gamle rutinar?

– Det er jo klart at det blir litt annleis med elbilar, og vi må nok endra litt på rutinane, men det krever nok at vi er innstilte på å tenkja litt annleis og å vera positive til endringane som kjem.

– No står no elbilen der allereie, så eg har ikkje noko valg, men dette har eg stor tru på uansett, seier Øyvind.

Fem av tretten innan 2020

Os Taxi kan skilta med tre minibussar og tretten småbilar.

No har det grøne skiftet starta, men det vil nok gå litt tid før dei største variantene blir skifta ut.

– Vi har tre minibussar, og det vil nok ikkje skje noko med dei. Men innan utgangen av året har vi fem elbilar, og så blir det nok skifta fleire i åra som kjem, kanskje allereie neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.