Politi | 11. apr. 2021

Hadde kjøpt bil på auksjon - blei stoppa med to ulike, ugyldige skilt

Uheldig eigar hadde kjøpt bilen på auksjon.

Hadde kjøpt bil på auksjon - blei stoppa med to ulike, ugyldige skilt
Politiet kontrollerte ein bil som sto parkert ved Amfisenteret laurdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. apr. 2021 07:56

Laurdag i 13.30-tida kontrollerte politiet ein bil på parkeringsplassen til AMFI Os.

– Bilen hadde to ulike kjenneteikn, begge var ugyldige, fortel politibetjent Morten Haugland.

Dei fekk kontakt med eigar, som kunne visa dokumentasjon på nyleg kjøp og på EU-godkjenning.

– Han hadde nyleg kjøpt bilen på auksjon. Der har seljar tydelegvis ikkje hatt konsentrasjonen på topp då han skrudde på skilta, og eigar har gløymd å sjekka at alt stemmer.

– Det går an å forstå at det er travelt på ein auksjon, med mange bilar og skilt i omlaup, men samtidig ikkje greit å enda opp med å køyra rundt med ugyldige skilt.

Bilen blei avskilta og politiet følgjer opp med forhandlar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.