– Hadde så dårleg sikt at han nesten køyrde meg ned
Tyrkisk sjåfør med «bomtur» gjennom Os.
Statens vegvesen hadde kontroll på Os igjen i går, og ein av lastebilane dei stoppa vekker merksemd.
Bilen hadde så mange bombrikker plassert utover frontruta at sikta blei svært dårleg.
– Hadde eg ikkje flytta meg så hadde eg blitt påkøyrd, seier Terje Bødtker til NRK Vestland.
Han hevdar sjåføren ikkje såg han, og at han måtte flytta seg etter å ha vinka han inn.
Sjåføren er frå Tyrkia, og var på veg til Bergen med last. Han skal ha forklart at han har køyrd sånn i lengre tid.
Det blei nedlagt bruksforbod, men etter å ha fjerna brikkene og limen fekk han køyra vidare.
Det fekk ingen andre følgjer for sjåføren, normal prosedyre er åtvaring dei to første gongane og 8000 i forelegg om du blir tatt ein tredje gong.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.